18.01.2018 Views

Lektorbladet #1 2017

Tidssktift for fag, kultur og utdanning

Tidssktift for fag, kultur og utdanning

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Aktuelt

På leit etter stamfedrane

Korleis har DNA-materialet til 26 elevar på Volda vidaregåande skule kome seg frå

Afrika til Sunnmøre? I prosjektet «Mitt afrikanske DNA» fekk 26 elevar svar på kva

vandringsrute stamfedrane deira har tatt.

Av Inger Johanne Rein

Elevane i biologiklassa hadde ansvar for

prøvetakinga. Lektor Olav Myklebust hjelper til.

Det var i desember at desse elevane

tok celleprøver frå munnhola,

og sende bomullspinnar

med spytt på til eit analysefirma

i USA. I slutten av januar fekk dei svar på

kvar stamfedrane og stammødrene kom frå

gjennom ein analyse av mitokondrie-DNAet

hos jentene og Y-kromosomet hos gutane.

Tverrfagleg DNA-jakt

I utgangspunktet var det berre ti elevar som

skulle sende inn prøve, men ved hjelp av ein

privat sponsor fekk vi høve til å kartlegge

26 av elevane, fortel lektor i biologi Olav

Myklebust. Så vidt dei veit, er dette første

gong ein vidaregåande skule har teke i bruk

elevane sitt eige DNA for å undersøke kvar dei

kjem frå. Olav Myklebust er ein av tre lærarar

som i samarbeid med Høgskulen i Volda og

organisasjonen Norgesprosjektet DNA har

sett i gang eit prosjekt som er kalla «Mitt

afrikanske DNA», eit tverrfagleg prosjekt

med historie og naturfag. Det var elevane i

biologiklassa som hadde ansvar for prøvetakinga,

og elevane som deltok i prosjektet

skal no følge opp resultata i fleire fag.

Biologi, historie og naturfag

- I biologi kjem eg til å nytte resultata, og

det teknikkane baserer seg på, til å forstå

ulike typar mutasjonar. Vi vil sjå nærare på

sjølve DNA-teknikkane som blir nytta, og vi

prøver å gjere tilsvarande analysar på skulen.

Vi vil også setje resultata som vi kjem fram

til, opp imot kompetansemål i faget, korleis

har livet på jorda utvikla seg, og mennesket

si utvikling i siste del av denne prosessen,

fortel han.

I historie skal resultata brukast i undervisninga

om tidleg historie og ulike teoriar om

kven som er dei første menneska i Europa og

i Noreg. Ein kan også nytte desse resultata til

å forstå feilaktig rasetenking på 1900-talet.

I naturfag kan ein sjå på i kva grad desse folkevandringane

kjem av klimatiske endringar i

førhistorisk tid, og aktualisere kva menneskeskapte

klimaendringar kan føre til av nye

folkevandringar i dag.

- Vi ønskjer å vidareføre dette prosjektet.

Det hadde vore spanande om vi kan ha starta

noko som kan bli eit langvarig prosjekt ved

skulen i samarbeid med Høgskulen i Volda

og Norgesprosjektet DNA, seier Myklebust.

20 01/2017

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!