18.01.2018 Views

Lektorbladet #1 2017

Tidssktift for fag, kultur og utdanning

Tidssktift for fag, kultur og utdanning

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Aktuelt

Reiserute til

Olav sitt DNA

Lærarane som deltok i prosjektet sende

inn sine prøver litt tidlegare enn elevane.

Prosjektleiaren, Gunnar Sigve Aurdal, og

historielærar Ragnar Didrik Osdal kom begge

austfrå, og det same gjorde Olav Myklebust,

lektor i biologi.

- Eg hadde eigentleg eit håp om at eg høyrde

til R1b, men min stamfar kom vandrande inn

med den indoeuropeiske kulturen som kom

etterpå, altså R1a, seier Olav Myklebust.

Frå vår felles stamfar i sentral-Afrika (haplogruppe A) har forfedrane til Olav Myklebust vandra til Sibir (R), sørover via

den arabiske halvøya, innom Sentral-Asia før dei så har vandra nord og vestover (R1a).

Kva er det ein kan måle gjennom spyttet?

Vi kan følge kvinnelinjene gjennom analysar av mitokondrie-DNA, difor vert denne siste urmora

populært kalla for den mitokondriale Eva. Ein antek at ho levde i Afrika for omlag 150 000 år sidan.

På same måte kan vi analysere DNA knytt til Y-kromosomet, som berre blir vidareført frå far

til son, og finne ut kvar og når vår felles «urfar» eller Y-kromosom-Adam levde. Det moderne

mennesket er utvikla frå stammar som levde i Afrika for 100 000–200 000 år sidan, og som

seinare utvandra og spreidde seg over hele jorda. Ein kan spore den opprinnelege Homo

Sapiens til Afrika for omlag 200 000 år sidan. Det er ein ung art, med lite genetisk variasjon,

men det er nok mutasjonar til at ein kan spore kvar stamfedrane kom til Noreg frå med hjelp

av ein liten spytteprøve.

Via mor og via far

I menneskeleg genetikk er haplogrupper oftast studerte gjennom Y-kromosom eller mitokondrielt

DNA. Y-DNA følgjer den mannlege linja, medan mtDNA følgjer den kvinnelege linja. Det

er i hovudsak tolv mtDNA-haplogrupper for folk med europeisk bakgrunn. Nær halvparten av

dei er i haplogruppe H. Dei tre store Y-DNA-haplogruppene i Noreg er R1a, R1b og I1.

Aldri før har vidaregåande skular tatt i bruk elevar sitt

DNA for å få innsikt i vandringsrutene til forfedrane til dei

som bur i Noreg i dag. På Volda vidaregåande skule har

26 elevar sendt sitt DNA for å finne kvar stamfedrane og

stammødrene kom frå.

Tre store Y-grupper i Noreg

Dei fleste som har budd i Norge i fleire generasjonar, har forfedrar som hovudsakleg kom til

Noreg frå Afrika via tre ulike reiseruter. Dette tilsvarer dei tre Y-DNA haplogruppene som er

mest dominerande i den norske befolkninga: R1a, R1b og I1.

Haplogruppa R1a er å finne i nesten kvar fjerde nordmann. Dei har forfedrar som har kome

til Noreg austfrå i neolittisk tid og som revolusjonerte jordbruket. I1 er haplogruppa til dei

som følgde etter isen etter kvart som denne trakk nordover. Over 1/3 av etniske nordmenn

er berarar av denne. Den største andelen av denne haplogruppa finn vi på begge sider av

Oslofjorden, det sentrale Austlandet og innlandet, og minst på Sør- og Vestlandet og lengst

i nord. R1b kom inn i Europa frå det nære Asia for kring 4 500 år sidan. Om lag ein fjerdedel i

Noreg stammar frå desse, og det er flest med denne haplogruppa i kystområda i sør og vest,

og så vert det lågare førekomst innover i landet og lengst nord.

Haplogruppe N1 utgjer ikkje så mange totalt i Noreg, men denne har stor førekomst i dei

nordlegaste fylka. N1 dominerer i Finland, og det er også ein stor andel i dei baltiske landa,

og N1 oppstod i Sibir for kring 10 000 år sidan.

(Kjelder: snl.no, eupedia.com, norwaydna.no)

01/2017 21

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!