30.07.2013 Views

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

kallar ”spolar”. Desse ”spolane” kan syast saman, to eller tre, til større tjeld, eller

brukast alleine. Somme brukar framleis tjeldet utanpå bunaden 17. mai, Ved dåp vart

tjeldet gjerne veivla omkring både mor og barn. Ved gravferd skulle det alltid vera

tre ”spolar” i tjeldet 24 .

Eg vil og nemne to andre grupper av særlege vevnader i biletvev, som vart bruka ved

bryllaupsfeiring, og truleg andre feiringar. Dei er forteljingar i vev, og vert kalla

brureteppe og jomfruteppe.

Brudeferd som motiv, kom til Skandinavia i løpet av mellomalderen, og vart

framstilt både i vev, treskurd og måling. I Dobbeltvev i Norge, skriv Engelstad at ein

kjenner til fem brureteppe 25 .

Brureteppa kan delast i to undergrupper. Den eine gruppa er lange og smale

dobbeltvevnader frå tidleg på 1600-talet. Engelstad skriv at i tidleg mellomalder, vart

dei bruka som den øvre dekorative borden når rom vart tjelda til fest. Dei framstiller

brureferder, brurepar og rekker av dansarar som er skilt frå kvarandre med

geometriske bordar. Dyrefigurar og symbol for fruktbarhet er spreidd rundt om i

teppeflata. Dei er ikkje seremonielle vevnader, men verdslege forteljingar til å pynte

eit festhus med.

Den andre gruppa brureteppe har religiøse motiv som i særleg grad er henta frå

Høgsongen. Fleire handlar om kong Salomo og dronninga av Saba, men og

bruremystikk henta frå ei rekke andre bibeltekster. Desse teppa er berre unntaksvis

nytta som veggteppe. Dei er fyrst og fremst knytt til seremoniar i samband med

sengestiginga. Dei skulle ligge på senga, utbreidd, og velsigne brureparet sitt leie, og

fremme fruktbarhet. Gudbrandsdalen var eit tyngdepunkt for alle desse teppa. Men

forskar Håkon Andersen, skriv i artikkelen ”Bibelske motiver på norske bondetepper

frå 1600- og 1700-årene”, at slike teppe har ein og funne i Sør-Noreg 26 .

Jomfruteppa framstiller ei og same forteljing henta frå Bibelen. Det er likninga om

dei ti bruremøyane som tok lampene sine og gjekk ut for å møte brudgommen. Fem

av dei var uvituge, og fem var kloke. 27 Denne type vevnader har og blitt funne i

bygder nær øvre Vest-Telemark, både i Drangedal og Hjartdal. Vevnadane skal vera

24

Valle bygdekvinnelag, Rette klede i Setesdal,1999 s 86, 87

25

Engelstad. Fortidskunst i Norges bygder. Dobbeltvev i Norge. 1958, s 30,31

26

Andersen, ”Bibelske motiver på norske bondetepper fra 1600-1700-årene” Kunst og kultur, 1989

nr 1, S.7-29

27

Bibelen, Milleniumsutgåve. Det Norske Bibelselskap 1999, Mat. 25, 2-13

11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!