30.07.2013 Views

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

enklare valknuteform i spegelfeltet, og eitt har fire sidestilte åttebladroser i

spegelfeltet. Dei fire åttebladrosene er ikkje av den virvlande typen Wang omtalar,

tvert om er dei symmetrisk bygd opp kring ei rombe som sentrum. Den likearma

krossen er og symmetrisk, statisk bygd opp kring eit kvadratisk sentrum. Utifrå

Wang sin definisjon av statisk stil og motiv med eigen verdi, meiner eg difor både

valknuten, åttebladrosa og krossen i spegelfelta i gjenstandsmaterialet, høyrer til

gruppa motiv med eigenverdi.

5.7.6 Formspråk som statisk spenning og latent energi

Wang drøftar både dekor, ornamentikk, stil, kvalitet og innhald. Ho brukar

begrepsparet statisk og dynamisk dekor. Ho hevdar at statisk dekor finn ein i motiv

som er symmetrisk bygd opp kring eit sentrum. Motiva kan vera enkeltståande

motiv, eller sidestilte. Ho hevdar at latent energi er eit avgjerande kriterium for

statisk stil, til skilnad frå dynamisk stil, der energien går over i retningsprega

rørsle. 115 Motivelementa ein finn i gjenstandsmaterialet sin ornamentikk, er anten

enkeltståande eller sidestilte, og er symmetrisk bygd opp kring to aksar i eit sentrum.

Ut frå Wang sin definisjon, er desse motiva då å forstå som statisk dekor med latent

energi.

5.7.7 Formspråk og praktisk funksjon

Eit formål med spegelåkle var å gje menneske vern i sårbare situasjonar, og

spegelfeltet ein metode for å oppnå eller sikre ein himmelopning og kommunikasjon

med Gud. Formspråk og motiva i spegelen er til for å tene desse formåla.

Spegelåklea sin kontekst var dei rituelle og seremonielle handlingane som knytte seg

til den aktuelle situasjonen.

Tin uttrykker det slik: ”Det hører i det hele tatt til de seremonielle tekstilenes vesen å

definere et rom for kommunikasjon med maktene… I den kristne tro dreier alle

overgangsritene seg om sakramenter i kirkerommets allerhelligste sentrum.” 116

Åkleet avgrensa eit område, ordna ein stad for heilage handlingar, spegelen markerte

sentrum, og var ein opning til det vertikale rom.

I Det hellige og det profane, skriv Eliade: ”det er viktig å forstå at kosmiseringen av

ukjendte områder alltid er en innvielse. Den som ordner et rom, gjentar gudenes

skaperhandling som formet kosmos av kaos”. 117

Å ordna åkleflata kring ein spegel, jf. altar og grunnplan i eit kyrkjerom, kan ein då,

ut frå det Eliade seier, tolke som ein måte å skape kosmos av kaos. Situasjonane

115 Wang. Ruteåklær. 1983, s 142

116 Tin, De første formene.Folkekunstens abstrakte formspråk. 2007,s 98

117 Eliade. Det hellige og det profane. 2003, s 22

64

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!