1 INNLEIING
1 Innleiing Ordet åkle, kjem av det gamalnorske ordet ”åklædi”, som betyr å dekke over, ei breisle, det å kle noko med. Åkle er eit samleord for fleire slag bruksvevnader, som kan delast inn i grupper, ut frå teknikk, formspråk, bruksområde, staden dei er laga, og i somme høve også ut frå kven som har laga dei. Mange åkle er rikt ornamenterte. Åkle kan sporast attende til mellomalderen. I Kulturhistorisk leksikon skriv Marta Hoffmann at alt frå 1300 åra av, er åkle omtala både i norske, islandske og svenske kjelder 1 . Det eldste åkleet ein veit om i Vinje, er eit ruteåkle, som er tidfest til 1770 2 . Åkle vart bruka på mange måtar og i ulike samanhengar. Både til kvardag og fest. Til dagleg på ei seng, til jol og ved høgtider på stoveveggen, og bruka ved særlege hendingar og seremoniar som dåp, konfirmasjon, vigsel, død og gravferd. I Fortids kunst i Norges bygder. Dobbeltvev i Norge, skriv Engelstad, at åkle som vart bruka ved gravferd, likåkle, kunne vera det same åkle som den avlidne hadde blitt boren til dåpen i 3 . Når åkle vart bruka slik, kan ein sei at åkle vart som ei ramme om livet. Det fylgde eit menneske, livet gjennom, frå dåp til død. Om lag midt på 1800 talet, vart skikken med å bruke åkle i rituell samanheng, dei fleste stader borte. Men det finst framleis restar av slik bruk i fleire bygder. Her i Vinje har fleire av kyrkjene åkle som vert bruka ved gravferd. Det vert lagt på krakken kista kviler på. Andre stader, som td Valdres, er det i dag vanleg å bruke åkle både ved dåp, bryllaup og gravferd. Eg er frå Vinje, og har frå eg var barn, sett åkle i ulike variantar og ulike samanhengar. Eg reflekterte ikkje særleg over kva fenomen åkle eigentleg var, men eg fekk ei forståing av at åkle hadde status, og var viktig for mange. Seinare, undervegs i utdanning og arbeid, vart åklea synlege for meg på ein annan måte. Særleg vart møte med muslimsk tradisjon og deira bruk av bøneteppe, ein interessevekkar og påminnar om eigen tradisjon. Både bruk, utsjånad og motivbruk. Ei type åkle vekte ei særleg interesse. Desse åklea har eit sentralt felt midt i teppeflata. Det vert kalla midtfelt, midtrute eller spegel, og åklea spegelåkle 4 . <strong>Spegel</strong> gjev assosiasjonar til ulike materialgrupper og samanhengar, og mange spørsmål melde seg: kva meinte ein med spegel i ei teppeflate? <strong>Spegel</strong> som i ei dør, spegel til å 1 Hoffmann, Kulturhistorisk leksikon. 2 Likåkle i rutevev ,lokalt kalla ”Storegut teppe”. Såvi og Knut Gunvaldjord gav åkleet til heimbygda. Åkleet heng no i daglegstoga på Nordheimstunet i Haukeli der Såvi og Knut bur i dag. 3 Engelstad , Fortids kunst i Norges bygder. Dobbeltvev i Norge. 1958, s 69 4 Engelstad, Fortids kunst i Norges bygder. Dobbeltvev i Norge. 1958, s 69 1
- Page 3 and 4: Revidert utgåve juni 2009
- Page 5: Innhald 1 Innleiing................
- Page 9 and 10: 1.1 Problemstilling Kva meiningsinn
- Page 11 and 12: Bruk og funksjon: kvalitetar ved ma
- Page 13 and 14: 2 Metode Oppgåva er todelt, ein te
- Page 15 and 16: 2.1.3 Forståingshorisontar Eg set
- Page 17 and 18: 3 Teoretisk del 3.1 Historisk bakgr
- Page 19 and 20: kallar ”spolar”. Desse ”spola
- Page 21 and 22: 3.2.1 Skiftenedteikningar I skiftea
- Page 23 and 24: har åkle registrert med nemningar
- Page 25 and 26: produksjonsstad å ha meir å sei f
- Page 27 and 28: 3.4.3 Spegelåkle med enkel krossfo
- Page 29 and 30: 3.4.5 Spegelåkle med fire åttebla
- Page 31 and 32: 3.4.7 Spegelåkle med kvadrat og en
- Page 33 and 34: 3.4.9 Skilbragdåkle med spegellikn
- Page 35 and 36: 3.5 Kartlegging av gjenstandsmateri
- Page 37 and 38: 4 BRUK, SAMANHENG, ENDRING
- Page 39 and 40: endrar praksis, og haldningar til m
- Page 41 and 42: ordne seg på, tradisjonar og grunn
- Page 43 and 44: 4.2 Om bruk av spegelåkle andre st
- Page 45 and 46: Samandrag I og med at åkle i upph
- Page 47 and 48: 4.3.2 Formalisering, rasjonaliserin
- Page 49 and 50: Somme løyser det ved å gje eller
- Page 51 and 52: 5 Komposisjon og ornamentering, spe
- Page 53 and 54: 5.1.3 Byrjing og slutt og jarekanta
- Page 55 and 56: gebiss); men i bred forstand er det
- Page 57 and 58:
som metafor for Gud og himmel, må
- Page 59 and 60:
forskrekka opp, såg englar stige o
- Page 61 and 62:
Firkantformer gjentar seg slik fire
- Page 63 and 64:
kan romba som motiv forståast som
- Page 65 and 66:
fig 29 Åttebladroser symmetrisk by
- Page 67 and 68:
Alle knutemotiv har samanheng med t
- Page 69 and 70:
Når eit åkle ligg utbreidd, under
- Page 71 and 72:
si flate, må det vera fordi dei va
- Page 73 and 74:
is an imago mundi, its center corre
- Page 75 and 76:
spegelåklea vart bruka i, var ofte
- Page 77 and 78:
si at de ”fire” er ”tilegnet
- Page 79 and 80:
6 TRADERING, VIDAREFØRING, FORNYIN
- Page 81 and 82:
eller grense for det faste og varia
- Page 83 and 84:
uttrykk, og for at motiv og tema ka
- Page 85 and 86:
7 Eigne arbeid 7.1 Ståstad Spegel
- Page 87 and 88:
fordi dei er del av ein prosess og
- Page 89 and 90:
alle fargar, kan ein sei at dette s
- Page 91 and 92:
henta frå Salme 121: ”Herren ska
- Page 93 and 94:
Fig. 37. Spor av dekk i leire Fig.
- Page 95 and 96:
8 VURDERINGAR ‐ KONKLUSJONAR
- Page 97 and 98:
Dei to hovudarbeida i dette prosjek
- Page 99 and 100:
Pahuus, Mogens, ”Livsverdenens ub
- Page 101 and 102:
KATALOG 1 Kartlegging av gjenstands
- Page 103 and 104:
Skjema 2: Bruk, alder og eige objek
- Page 105 and 106:
3 Gaastjønn 4 Nystogsamlinga I x S
- Page 107 and 108:
7 Skilbragdåkle 8 vev i krokbragd
- Page 109:
2 Spørsmål bruka i samband med in