30.07.2013 Views

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

sjå seg sjølv i, eller spegel som i songstrofa ”å spegla ein himmel av”? Kvifor er det

berre eitt spegelfelt, og det midt på, - og kvifor har dei fleste så tydelege og talande

motiv i dette feltet?

Spegelåkle er ikkje noko særeige for Vinje eller Vest-Telemark. Tvert om,

spegelåkle har vori og er i bruk fleire andre stader her i landet, og i store delar av

Sverige. Det forsterka interessa mi, både for bruk og bruksområde, motivbruk og

formspråk. Men fyrst og fremst for kva meining åklea kan ha blitt tillagt, og om det i

dette meiningsinnhaldet er tema som er aktuelle i vår tid. Dette handlar oppgåva om.

I den teoretiske delen er eg på leit etter meiningsinnhald, den praktiske delen er

forsøk på å gje uttrykk til tema henta frå dette meiningsinnhaldet.

Då desse åklea er blitt bruka ved seremoniar og rituelle samanhengar, handlar

meiningsinnhaldet ikkje berre om sjølve åkleet, men også om hending, handling,

bruk og stad, det vil sei samanheng.

Oppgåva er vid. Det finst og mykje skriftleg materiale, som er relevant ut frå ulike

tilnærmingar, og gjenstandsmaterialet er variert og stort. Mange spegelåkle er

framleis i privat eige, og ein del finst i samlingar og musé. I oppgåva har eg kartlagt

seks spegelåkle. Dei er representative for eit område avgrensa geografisk til å gjelde

øvre delar av Vest-Telemark. Eg har intervjua folk i miljøet, som sjølv anten har

bruka, eller har kjennskap til tradisjonell og rituell bruk av åkle. Eg har og gått

gjennom skifteavskrifter som kulturarbeidar og forfattar Ingebjørg Gravjord fekk

gjort, og som er å finne ved Bø Museum 5 .

Dette dannar grunnlaget for drøfting og tolking av eit mogeleg meiningsinnhald.

Hovudfokus er lagt på spegelåkleet som meiningsberande tekstil, og korleis tema frå

dette kan koma til uttrykk i mine eigne arbeid. Teoretisk del og praktisk del utgjer

like store delar. Eigne arbeid er utført i vev og trykk.

Arbeida vert presentert saman med tre tidlegare arbeid. Arbeida og måten dei vert

vist fram på, er meint å utgjere ein heilskap, - ein slag installasjon eller utstilling

våren 2009.

5 Gravjord, lærar i veving og i tekstil-drakthistorie, forfattar av boka ”de sal: folches kisteklæder” i

Bø gamle kyrkje. Graver frå 1600-og 1700-åra.” 2005

2

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!