30.07.2013 Views

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

ein berre kjende koden. 110 Om det var slik, måtte det finnast ein gyldig autoritet som

kunne tolke desse motiva som teikn. Men samanhengen dei vert bruka i, konteksten

kan fungere som ein kode til å forstå meininga med at dei er plassert der dei er, som i

åkleet sitt spegelfelt. Motiva er urgamal arv, samansette, som ikkje lar seg fullt ut

forklarast med ord. Motiva er ingen re-presentasjon av eit innhald. Dei presenterer

seg sjølve, og berre er.

Tin uttrykker det slik: ” Det er altså ikke så meget snakk om et symbolspråk som skal

oversettes, som om et formspråk som betyr direkte: formene besitter i seg selv noe av

den kraften som er avgjørende for all trivsel og vekst.” 111

5.7.4 Motiv med meiningsberande funksjon og opphav

I Ruteåklær, omtalar Marit Wang motiv i ruteåkle og mogeleg meining og innhald.

Ho legg vekt på visuelle kriteria, og skriv slik om sin eigen ståstad og tilnærming:

”Jeg vil fortrekke å eliminere tidsfaktoren og se bilde, begrep og syn under ett, dvs.

som erkjennelse eller mulighet for videre erkjennelse.” Ho meiner det er særleg eitt

motiv i desse åklea som har ”størst mulighet for å ha en betydningsbærende

funksjon/opprinnelse. Jeg gjentar at det ikke er mulig å uttale seg om enkeltindivider

og enkeltåklær. Man må se fenomenet som ledd i en tradisjon, et ledd i en utvikling

fra symbol til konvensjon.” 112 Motivet ho viser til, er eit kvadrat der sidene kryssar

kvarandre i hjørna, frå midten på kvar side i kvadratet skyt det ut ein kross, og midt i

kvadratet står det og ein kross. Ho skriv: ”Jeg antar at motivet er et eksempel på et

mandala-motiv, et symbol på det hellige sted. Dette symbol er meget utbredt i

forskjellige utforminger. Det er ”at once an image of the universe and a teophany”

(Mircea Elidade: Yoga: Immortality and freedom, s 220).” Wang viser og til at

mandalasymbolet kan opptre i mange variantar, som ledd i ein tradisjon, og spontant

som arketypisk symbol i draumar og forestillingar, og viser til C.G. Jung og den

analytiske dybdepsykologien. 113

Wang set dette motivet i ein mandalasamanheng fordi: ”Kvadratet kan oppfattes som

en avgrensing av det hellige område, de fire kors som springer ut fra kvadratets sider

og det sentrale kors ….Om korset i sentrum kan videre anføres: ”Since the mandala

110 Tin viser til Cassierer som talar om den mytiske ´delaktighetslov `

111 Tin. De første formene. Folkekunstens abstrakte formspråk. 2007, s 81

112 Wang, Ruteåklær, 1983, s 110

113 Wang, Ruteåklær, 1983, s 110-111

62

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!