30.07.2013 Views

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Informant II fortel at åkle familien bruka ved gravferd, hadde ei midtrute med kross

inni. Dei kalla det kisteklede.

Vest-Telemark museum har registrert åkle med nemningar som gravferdsteppe,

velfarsteppe, kisteklede, kisteteppe, båreklede, åkle, teppe/”tæpi”, tjeld og

katafalkteppe. Andre nemningar er likåkle, kisteteppe, gravferdsteppe, spegelåkle og

sparlaken 41 .

Frå gamalnorsk /islandsk kjenner ein nemningar som sáluns áklædi, sálunsvefnader

og kogurr. 42 Går ein til kyrkjebøkene, finn ein nemningar som baudekynos,

baldachinus, pallium.” 43

Jol

I bygdene Valdres og Bø i Telemark, er det framleis skikk å henge opp kristnateppe i

stova til jol.

To av informantane fortel at dei hengde opp åkle i skåpsengene til jol, i alt fire åkle.

Åklea var svært ulike i teknikk, formspråk og motivbruk, men alle vart heilt enkelt

kalla åkle. Eit av dei er eit spegelåkle. Ein annan informant fortel at mora hengde opp

to åkle i stova til jol, eitt i kroa ved langbordet, eitt på veggen ein stad.

3.3.2 Nemningar ut frå teknikk

Spegelåklea det her er snakk om, er vovne i teknikken skilbragd, og vert stundom

kalla rett og slett skilbragdåkle.

Ornamentikken i åkleflata har ulik karakter. Ein reknar med to hovudtypar,

Nordlandsteppe, og Telemarksteppe, som og fungerer som nemningar.

3.3.3 Nemningar ut frå utforming og inndeling av åkleflata

Nemningar registert av Bymuseet i Bergen, er speil-åkle og sparlaken 44 Engelstad

refererer til nemningane sparlaken og speil-åklær for åkle i skilbragd. Om båe har

stor midtrute, felt eller spegel, eller om det berre gjeld speil-åklær, er uklart i teksta 45 .

3.3.4 Nemningar ut frå stad

Gunvor Trætteberg nemner åkle både ut frå stad: ”Haringe-åklær var stasplagg som

bruktes om dåpsbarnet eller som brura-åklæ eller over lik 46 Her synest

41 Engelstad, Dobbeltvev i Norge. Likåklær. 1958, s 67-68-69

42 Falk, Altwestnordische kleiderkunde,1918, s 204 - 206

43 Franzén , Kulturhistorisk leksikon for Nordisk middelalder, 1969 s.447

44 Engelstad, Fortids kunst i Norges bygder. Dobbeltvev i Norge, Oslo 1958, s.68

45 Engelstad, Fortids kunst i Norges bygder. Dobbeltvev i Norge,1958, s 69

46 Trætteberg, Omfarshandel, Norveg,1952 nr 2, s 112

16

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!