30.07.2013 Views

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

5.1.3 Byrjing og slutt og jarekantar

Somme åkle har endebordar med rutemønster som minner om marekorset. Det er

usikkert om desse bordane kan tolkast til å vera avleda av marekorset. Annemor

Sundbø meiner at marekorset er avleda av åttebladrosa og Stella Maris, jomfru

Marias vern 60. . Om det er slik, kan desse bordane tolkast som eit vern av åkleflata.

Sikksakbordane langs ytterkantane som somme åkle har, tolkar eg som eit vern av

åkleflata, dei handlingar som føregjekk, og eit vern for dei personar, levande og døde

som tok del i desse hendingar og handlingar. Tin skriv slik om sikksaklinjer i det

nærslekta materialet likkross: ”Bordene i likkrossens ender fungerer da som

beskyttende gitre tvers over lindukens vei, gjerder som holder de onde krefter ute fra

stedet der mennesket møter gudene. Allerede den enkle sikksaklinje virker vernende

med sin ubrutte rekke av takker” 61

5.2 Ornamentikk

Ordet ornamentikk kjem av det latinske ordet ornáre som tyder å pryde.

Marit Wang delar ornament inn i to grupper. Ornament med eigen verdi, og

prosessbetinga ornament. Som døme på motiv med eigenverdi nemner ho to motiv,

”den kompliserte knute”, ”mandalamotivet”, og kanskje ”åttebladrosen”. Som døme

på prosessbetinga ornament, nemner ho sideordna rombar, delte rombar bruka

flatedekkande, og sideordna rombar med små krossar. 62 Sideordna rombar er bruka

flatedekkande i fleire av åklea i gjenstandsmaterialet, og er fylgje Wang ,

prosessbetinga, og utan eigen verdi.

5.2.1 Ornamentering av åkleflata

Heile flata er ornamentert med mønsterbordar. Ingen av åklea er heilt like i

mønsterinndelinga, men alle har eit eller fleire motiv felles. Ein mønsterbord kan

vera samansett av fleire geometriske element. Somme bordar går både på tvers og på

langs i flata, somme går berre på tvers. Andre er sett saman av mindre firkanta felt,

og gjev heile åkleflata eit slag rutemønster. Bordar kan og vera sett saman av ruter,

som gjentar seg som rapportar i tversgåande striper. Bordane gjentar seg symmetrisk

ut frå, og kring spegelfeltet, som er sentrum i åkleflata.

Motiva i mønsterbordane er dels dei same som ein finn som hovudmotiv i

spegelfeltet, dels andre. Rombar, sikksakformer, små krossar, stavar og punkt, rette

linjer, enkle åttebladroser, små firkløverroser, timeglas og oktogon, er element ein

finn i ornamenteringa.

60 Sundbø, Usynlege trådar i strikkekunsten. 2006 s 85

61 Tin, De første formene. Folkekunstens abstrakte formspråk.2007 s 98

62 Wang, Ruteåklær. 1983, s 143.

43

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!