30.07.2013 Views

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

si at de ”fire” er ”tilegnet” hverandre, og derved finner sitt ”eget”, det vil si, seg

selv.” skriv Nordberg-Schulz 122

Spegelåkleet kan og sjåast på som eit abstrakt kunstverk. Den statiske energien ein ut

frå formspråket kan hevde dei er lada med, gjev dei trekk som minner om ikon.

Biskop Caroline Krook, viser til den danske teologen Lögstrup, og uttrykker seg slik

om det ordlause og kunsten: ”Konsten är det enda uttryckssätt som förskonar oss från

att indelas i huvud, hjärna, hjärta. Det är konsten som hindrar oss från att falla sönder

i olika delar. Konsten gör oss till ett med oss själva och med världen.” 123

Eg tolkar spegelåkleet som eit fenomen som korkje er teori eller praksis, det korkje

beskriv eller handlar. Snarare framstiller det tinga på ein måte som tolkar ting og

vesen.

Om tingenes vesen og forståing, skriv Nordberg-Schulz: ”Den poetiske

forståelsesform griper altså tingenes vesen, snarere enn deres målbare egenskaper.

Dette innebærer at den fastholder sammenhenger. For ingen ting eksisterer i

isolasjon. Tingenes sammenhenger er deres mening.” 124

Når motiva er så slitesterke, både moderne og tidlause, er det ikkje fordi dei er

geometriske og abstrakte, men tidlause og uavhengige av mennesket. Dei bind saman

både det profane og det sakrale, og menneska sine felles livsvilkår, - det å koma til

verda, det å leva i verda og det å gå ut av denne verda. Dei samlar opp i seg denne

heilskapen.

5.7.10 Aktualitet i dag

Eg har tidlegare gjeve grunnar for at spegelåklea i dag ofte ser annleis ut enn dei

eldre, og at dei i liten grad vert bruka i seremoniell samanheng i dag.

Om det formspråk og meiningsinnhald ein finn i gjenstandsmaterialet, er universelt

og tidlaust - på kva område finn ein det då gyldig og aktuelt i dag?

Eg vil kort nemne to samtidsprosjekt, eit kunst-arkitektur prosjekt, og eit

forskingsprosjekt, som kvar for seg brukar eller er opptatt av same formspråk og

meiningshald som spegelåklea representerer. Kunstnaren Kjell Nupen fekk i oppdrag

å skape ”eit heilagt rom” for stille, undring, bøn og den gode samtale. Kapellet, som

vart innvigd sommaren 2008, har kubisk form, med lysfelt ned frå tak, og inn frå

122

Nordberg-Schulz. Stedskunst. 1996, s 49

123

Krook, Att getsalta det ordlösa. Föredrag vid Dramadfestivalen på Sigtunastiftelsen,

10-12 augusti 2006

124

Nordberg-Sculz, Øye og hånd. Oslo, 1997, s18

67

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!