30.07.2013 Views

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

endrar praksis, og haldningar til materialet - om det representerer noko meir enn

sjølve det konkrete åkleet, symbolbruk og meiningsinnhald.

Visse grunnspørsmål om formale sider som bruk, opphav, alder, har vori like til alle

informantane. Andre spørsmål har vori tilpassa kvar einskild informant, og kva

informasjon eg var på leit etter. To av informantane har eg berre hatt ei samtale med.

Når det gjeld alder på informantane, er det eit spenn frå 32 til vel 90 år .

4.1.2 Kriteria for val av informantar

sjølve eig, eller at familien eig spegelåkle

nærhet til bruk og samanhengen dei vart bruka i

nær tilknyting til Vest-Telemark, det geografiske området for gjenstands i oppgåva

ulik alder og kjønn

handverkar, eller med god kjennskap til handverkstradisjonar og tradisjonar for bruk,

både i ein folkeleg og kyrkjeleg samanheng

erfaring frå bruk heilt opp til dei siste åra

4.1.3 Kva informantar fortel om bruk og samanheng

Samtalene med informantane viser at spegelåkleet vart bruka på ulike måtar.

Informant 1 fortel at spegelåkleet skulle ligge på bordet, og så lenge det var skikk å

drikke velfarsskål, skulle ølbollen stå midt i spegelfeltet. Slik bruk er ikkje lenger

aktuell, men informanten meiner at spegelåkleet sin plass var på bordet. På kista låg

eit åkle utan spegelfelt. Det vart kalla kisteklede. Informanten meiner at ingen av

desse åklea vart bruka ved dåp. Då bruka dei eit mindre og meir fargerikt åkle som

dei kalla båneteppe. Når åklea ikkje var i bruk, låg dei nedpakka i kister eller hekk

på loftet.

I samtala refererte ho til ein situasjon der ein akta og kjær familiemedlem var død, og

kista måtte hentast eit godt stykke unna. Det utløyste utsagnet: ” Då for far opp i

loftet og henta åkleet!” Ho refererte på ein svært talande måte, med tyngde og kraft.

Informant II fortel at ved gravferda til far hennar i 1971, la dei eit spegelåkle på

krakken kista kvilde på under seremonien i kyrkja. Det stod to lys på kista. Dei bruka

sitt eige private åkle. Det vart ikkje bruka til dåp eller bryllaup. Til dåp vov mora eit

mindre åkle som dei kalla båneteppe. Dette hengde ho også opp i ei kro i stova til jol.

Informanten fortel at i 1960 bar ho son sin til dåpen i dette båneteppet.

30

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!