30.07.2013 Views

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Når det gjeld stil, drøftar Marit Wang omgrepa statisk og dynamisk. 80 Ho hevdar at

statisk dekor finn ein som enkeltståande motiv, sideordna motiv i bordar eller

flatedekkande, og at dynamisk dekor er karakterisert av å ha retning.

Ho hevdar at latent energi er eit avgjerande kriterium for statisk stil, medan energien

i dynamisk stil har gått over i retningsprega rørsle. Overført til rutevev, seier ho at

dekoren på åkle i hovudsak er å regne som statisk dekor. 81 Motiva i spegelfeltet er

dels enkeltståande motiv, dels sideordna. Fylgjande seks meiningsberande motiv går

att i spegelfelta i gjenstandsmaterialet :

firkantformer

likearma kross

åttebladrose

rombe

oktogon

valknute

Eg tar for meg kvar av dei, utifrå samanhengen dei står i, spegelfelt – spegelåkle.

5.4.1 Kvadrat og firkant

Både spegelåkleet og spegelfelt har firkanten som format. Motiva i spegelfeltet har

eit kvadrat som omriss, og fleire er bygd opp kring eit kvadrat.

Kvadratet er eit uttrykk for det avgrensa, det kultiverte, og står i kontrast til natur.

Cooper skriv at kvadratet står for jorda og det jordiske. 82 Det fyrste tempelet til

jødane hadde kubisk form og kvadratisk grunnflate. Muslimane sin heilage stad

Kaaba, har og form av kube, og med det ei kvadratisk grunnflate. Wang skriv at

kvadratet kan oppfattast som ei avgrensing av det heilage området. 83 Cooper skriv at

i Pythagoreisk samanheng er kvadratet symbol for sjela. 84

Firkanten er bruka som bilete på verdens ytste grenser og hjørna, og relatert til dei

fire himmelretningane. Overført på spegelåkleet, kan ein sei at eit utbreidd åkle,

avgrensar eit rektangulært ”jordområde”, og set grense for det som er innafor

åkleflata, og det som ligg utanfor. Åkleflata sitt rektangulære format avgrensar eit

område frå det som ligg ikring. Åkleet si teppeflate er kultivert, eit ordna område,

som skjermar eit sentrum som er spegelfeltet. Motiva i spegelfeltet er symmetrisk

bygd opp kring to aksar. Eit omriss kring desse motiva vert slik eit kvadrat.

80 Wang, Statisk og dynamisk skurdornamentikk i norsk folkekunst, 1974

81 Wang, Ruteåklær,1983, s 142

82 Cooper, Symboler, 1990 s 106

83 Wang, Ruteåklær,1983, s 112

84 Cooper, Symboler, 1990 s 106

50

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!