Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark
Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark
Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
forskrekka opp, såg englar stige opp og ned, tok steinen han hadde lagt under

hovudet, retta han opp, helte olje på han, og kalla staden Guds hus og himmelens

port. 78

Samandrag

Ordet spegel har mange tydingar og representerer svært gamle førestillingar, både

om sjel, himmel, jord og Gud. Ein kan sei at i spegelfeltet samlast heile eksistensen,

Gud (sakramenta) menneske (dåp, livsvandringa, død) himmel (staden, opninga opp)

og jorda (det konkrete åkleet). Det synest vera slik at menneska, så lenge ein har visst

om speglar, har tillagt spegelen slik meining . Når ein finn uttrykket spegel i

spegelfeltet, forstår eg det slik at desse førestillingane har vori svært eksistensielle,

og har blitt vidareført og tilpassa ulike religionar og skikkar. Då spegel også betyr

stad, opning, port og dør, kan spegelfeltet forståast og tolkast som eit synleg uttrykk

for dei nedervde førestillingane om at ”vegen opp er alltid open”, slik ein av

informantane mine uttrykte det. Ved å plassere spegelen i spegelåkleet, oppnådde ein

både å ivareta gamalt eksistensielt tankegods, integrere dette med kristent tankegods,

og å gje dette eit konkret uttrykk til praktisk bruk.

5.4 Motiv i spegelfelt

Motiva i spegelfelta er abstrakte og geometriske, ingen er naturalistiske. Motiva er

ikkje spesifikke for spegelåklea eller tekstil, men går att både i treskurd, kroting og

riting i metall og stein. Fett hevda at folkekunsten både var tidlaus og tidprega,

overnasjonal, men samstundes med eit lokalt og individuelt preg. Fett var talsmann

for at folkekunsten representerte ein eigen kunstvilje, annleis enn epokekunsten.

Han ordna folkekunsten i tre kunstviljar:

den arkaiske

den stilforbindande

den stilsprengande

Han skriv: ”Den arkaiske kunstviljens store verden er kvinnenes tekstil med sine

firkanter og trekanter, sine magiske motiver.” Han definerer den arkaiske kunstviljen

sine uttrykk som ”det arkaiske, dekorative urspråket”. 79

78 Bibelen, 1.Mos. 28, s 12-19

79 Fett, ”Folkekunst. Fra et større arbeid”. By og Bygd, Norsk Folkemuseums årbok 1945

49