30.07.2013 Views

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

eller grense for det faste og variable i tradisjonen, kunne dette bli tolka som brot på

ein tradisjon.

I Valdres er bruken av åkleet tradert både når det gjeld dåp, vigsel og gravferd, men

åkleet si utforming og formspråk, er endra ved at spegelen er borte, og spegel som

opning og seremonielt sentrum er borte.

Båe døma viser til endringar som har med praktiske og samfunnsmessig art. Kistene

er pynta og måla, spegelen var upraktisk å tradere i ein undervisningssamanheng og

som marknadsvare sett i produksjon. Ein kan sei utviklinga har framandgjort oss for

det opphavlege åkleet, og sjølv om ein er i kontakt med leivningar av ein levande

tradisjon for bruk, viser det seg at åkleet endrar karakter. Slik Rolf uttrykker det:

”I anpassad form föres traditionen vidare så länge den ger hanterbara och begripliga

mönster med vars hjälp människor han umgås med varann och uppnå sina mål i

omgivningen.” 128

Definisjonen av tradering som er formidla her ved Høgskolen, er ein dynamisk

definisjon. Den gjev rom for endring, men er samstundes tydeleg på at eit visst

minimum av element frå det opphavelege utrykket må traderast, om ein vil vera

innafor ein tradisjon eller sjanger. Definisjonen opererer med omgrepa fast og

variablar. Ein må velje kva som må ligge fast, kva element eller delar av eit innhald,

teknikk og uttrykk ein vel å vidareføre, og halde fast på, og kva ein vil endre, eller

legge til. Tradering utifrå dette betyr at ein i stor grad ut frå eit fagleg skjøn,

definerer kva ein vil vidareføre og tradere, som t.d. teknikk eller materiale, utan at

det vert sett på som brot på ein tradisjon eller sjanger.

Denne oppgåva handlar om spegelåkle, kva meiningsinnhald spegelåkle kan ha blitt

tillagt utifrå formspråk og bruk.

Utgangspunkt for arbeida mine er utvalde tema henta frå spegelåklea sitt

meiningsinnhald.

I prosjektet har eg laga tre arbeid. Dei vert vist saman med tre arbeid eg har gjort før.

Dei tidlegare arbeida er tatt med, fordi dei er del av, og utrykk for, min eigen

traderingsprosess og ståstad i høve dette materialet, både når det gjeld bruk og

utforming. Alle arbeida vidarefører formspråk og tema henta frå spegelåkleet sitt

meiningsinnhald. Eit av arbeida er eit tradisjonelt åkle meint for seremoniell bruk.

128 Rolf. Profession, tradition och tyst kunskap. 1995, s 145. henta frå Raudt studiekompendium

70

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!