30.07.2013 Views

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

produksjonsstad å ha meir å sei for val av nemning, enn både bruk, formspråk og

teknikk. Det same gjeld nemningane Telemarksteppe og Nordlandsteppe.

Telemarksteppe vart produsert i Telemark, Nordlandsteppa i Nordfjord. Mønstringa

har ulik karakter, slik at ein lett skil dei frå kvarandre. Stad og teknikk vart kobla

saman og åklea fekk namn ut frå staden det vart laga.

3.3.5 Val av nemning i oppgåva

Same nemningar har blitt bruka om ulike type åkle utan omsyn til teknikk og

formspråk. Det betyr at fleire av nemningane ikkje skil klart mellom spegelåkle og

andre åkle. Eg vel å bruke nemninga spegelåkle i denne oppgåva, både fordi ho er

eintydig, og fordi:

spegelåkle er nøytralt i høve hending, handling og stad

spegelen er eit ytre, lett kjenneleg teikn som skil spegelåklea lett ut frå andre åkle i

same teknikk

spegel er ein metafor som opnar for ulike tolkingar

3.4 Gjenstandsmateriale

Spegelåklea i gjenstandsmaterialet er vovne i teknikken skilbragd, som eg kort

omtalar. Deretter presenterer eg kvart åkle i gjenstandsmaterialet. Så fylgjer ei

kartlegging av gjenstandsmaterialet som viser ei blanding av formale, målbare fakta,

og informasjon komi fram gjennom samtaler og intervju med dei som eig åklea.

3.4.1 Teknikken skilbragd

Ordet skilbragd er sett saman av orda skil, som betyr eit skilje, og bragd, som tyder å

brigde, endre. Ein kan ”brigde” utsjånaden, mønstringa, ornamenteringa, ved skifte

av skil. Dess fleire skil, dess fleire val har ein for å variere mønsterbordane.

Mange skilbragdåkle er vovne i enkle vevstolar med få trøer. Andre vevstolar var

meir utbygde og hadde svært mange trøer. Det gjorde det mogeleg å lage samansette

og varierte mønsterkombinasjonar. Ein fekk også til mønsterendringar ved å bruke

kjeppskil. Kjeppskil var ei laus spile ein la inn i renninga for å lage ekstra skil, som

ein ikkje fekk til med trøene. I dette skilet plukka ein mønster. Ein kunne og oppnå

det same ved hjelp av metoden halvhovling. Då vart eit ekstra skil hovla inn på ein

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!