30.07.2013 Views

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

Spegel - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

6 Tradering, vern, vidareføring fornying og brot – ei

innleiing til eige arbeid

I daglegtale vert tradisjon bruka om lag i same tyding som vane, noko som gjentar

seg om lag på same vis om att og om att. Store Norske Leksikon oppgjev at ordet

tradisjon kjem av latin, og tyder ”det å overdra, gi videre”. Trado, ”jeg overfører”,

finn ein att i ordet ”trade”, handle, aktiv handling, eit eigarskifte.

Det som vert overlevert, tradert, er avhengig av overleveringssituasjonar og

personane som er involvert, gjevar og mottakar. Slike gje-vidare-situasjonar er ulike,

og personar er ulike. Ei overlevering eller overdraging er ein aktiv prosess, ”alt” vert

aldri overlevert, og noko ”nytt” kjem alltid til, som når ein ting skifter eigar. Kva nytt

som kjem til, er individuelt bestemt. Dels er det medvetne val utifrå aktuelle emne -

eller fagområde, kva praktiske løysingar som er mogelege og tenlege. Kva ein likar,

trur eller synest om, dels umedvete, er bestemt av kva bakgrunn ein har. Men nytt

kjem også ”tilfeldig”, som del av det som skjer i ein arbeidsprosess.

Tradisjon kan ikkje definerast eintydig. Det finst fleire definisjonar og retningar

utifrå ulik vitskapleg ståstad når det gjeld syn på kunnskap og overlevering av

kunnskap, språket sin funksjon ved læring, kva som kan setjast ord på, kva som er

taust, og kunnskap som fakta.

I fylgje Rolf, skil Polyani mellom statiske og dynamiske tradisjonar : ”De traditioner

Polyani fokuserar, är alla dynamiska. Endast genom anpassning till en föränderlig

omgivning, kan en dynamisk tradition bevara sin karaktär.” 127

Det betyr at om ein vil ha ein dynamisk, levande tradisjon, er prisen eller

konsekvensen, at endringar skjer.

Utifrå dette kan ein hevde at spegelåkleet, slik det vert bruka i Vinje kyrkje ved

gravferd i dag, er tradert. Trass i vesentlege endringar både når det gjeld bruksmåte

og seremoniell funksjon: motiv og formspråk er tradert i åkleflata, men dei er ikkje

synlege, eller har ingen seremoniell funksjon lenger. Åklet ligg ikkje lenger over,

men under kista, ved gravferd. Det betyr at spegel i tydinga opning og seremonielt

sentrum, ikkje er tradert anna enn som syneleg motiv i den vovne åkleflata. Og åkle,

breidd over kista, som estetisk uttrykk for vern om den døde, har ”tapt” for ei

kvitmåla og pynta kiste. Utifrå ein snevrare tradisjonsdefinisjon, med strengare krav

127 Rolf. ”Profession, tradition och tyst kunskap.” 1995, s 145. Raudt studiekompendium emne 3

Tradisjon, kommunikasjon og formidling. Mastergradsstudiet i tradisjonskunst 2006-07.

69

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!