20.04.2018 Views

Unikum april 2018

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

”Kviforfor seier ein ikkje berre at forhold

mellom studentar og tilsette ikkje skal innleiast,

så lenge ein tilsett er ansvarleg for

studieprogrammet studenten går på?”. Dette

er eitt av fleire spørsmål Studentorganisasjonen

i Agder (STA) har teke opp til diskusjon

med Universitetet i Agder (UiA).

– Det er ikkje sjølvsagt at ein arbeidsgjevar kan forby tilsette og studentar

å innleia forhold, meiner universitetsleiinga som er skeptiske

til forslaget.

Etter ein nasjonal diskusjon om retningsliner for seksuelle relasjonar

mellom tilsette og studentar, har styret i STA foreslått ein resolusjon

overfor Studentparlamentet, denne vart vedteken på eit møte i Studentparlamentet

21. februar. Dette er ein diskusjon som har vore teken opp

tidlegare, men som kanskje har vorte endå meir aktuell i samband med

#metoo-kampanjen det siste året.

Resolusjon som kan førebygga seksuell trakassering

STA meiner at seksuelle relasjonar mellom forelesar og student er

uheldig, og at dette er noko som ikkje bør førekoma fordi det kan få

konsekvensar for læringsmiljøet til studentane. Den føreslåtte resolusjonen

vil sikra nettopp det gjensidige tillitsforholdet som det skal vera

mellom tilsette og studentar. Kva påverknadar ein slik relasjon kan ha

for den enkelte er også noko STA bekymrar seg for, og organisasjonen

meiner dermed at ein resolusjon med retningslinjer om at dette ikkje

bør førekoma, bidreg til eit tydeleg politisk standpunkt som er i samsvar

med kva studentane meiner om denne saka. STA meiner også at

slike klare retningslinjer kan vera med på å førebygga seksuell trakassering.

Rektor ved UiA, Frank Reichert, og personal- og organisasjonsdirektør,

Bernt Jørgen Stray, meiner det er forventa at dei tilsette er seg bevisst

den påverknadskrafta og makta dei har, men at det ikkje er gitt at ein

arbeidsgjevar kan forby forhold mellom tilsette og studentar.

– Ein regel om at studentar og tilsette ikkje kan innleia eit forhold reiser

både rettslege og etiske spørsmål, hevdar Stray.

For sterkt stillingsvern for offentlege tilsette?

UiA har retningslinjer for saksbehandling når studentar kjenner seg

mobba eller trakassert, men det manglar framleis tydelege retningslinjer

som regulerer seksuelle relasjonar mellom tilsette og studentar.

Etter #metoo-kampanjen har det kome fram fleire saker om seksuell

trakassering på landsbasis i akademia. Ei sak som har vore mykje

omtalt i media, er saka om professor Nils Rune Langeland ved Universitet

i Stavanger, som over fleire år har vorte skulda for å ha seksuelt

trakassert studentar, men som fyrst i november 2017 vart oppsagd.

Ferske tal frå Universitetet i Agder viser at éin prosent av norske studentar

har opplevd seksuell trakassering frå tilsette. Dette tilsvarar

3000 studentar på landsbasis. Trass desse tala, høyrer ein sjeldant om

professorar som har vorte suspenderte eller sagt opp på grunnlag av

seksuell trakassering.

– Offentlege tilsette har for sterkt stillingsvern i nokre saker, dette er

blant anna i saker som handlar om trakassering av studentar. Det er

”Det er holdningsendringer i akademia

det egentlig dreier seg om, også mellom

studenter”

- Kai Steffen Østensen

10 seksuelle relasjoner

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!