20.04.2018 Views

Unikum april 2018

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

heilt riktig å stilla spørsmål til om tilsette skal ha så sterkt stillingsvern

som dei har, når det går på bekostning av studentar som dei jobbar tett

på, seier Kai Steffen Østensen, leiar av STA.

Éin av hundre av norske studentar har opplevd

seksuell trakassering frå tilsette

Svakt lovverk for studentar

Universitets- og høgskulelova regulerer og bestemmer alt som skjer på

universiteta og høgskulane i landet. Den seier at studentane skal ha

eit fullt forsvarleg læringsmiljø, både fysisk og psykisk. Bernt Jørgen

Stray meiner at denne lova, samt likestillings- og diskrimineringslova

og straffelova, pålegg dei tilsette å opptre med respekt overfor andre

og å utføra oppgåvene sine og opptre utad på ein etisk forsvarleg måte.

– Det er viktig å understreka at me ikkje held til i eit rettslaust område,

meiner Stray.

STA-leiar Kai Steffen Østensen meiner på den andre sida at universitetsog

høgskulelova er for svakt formulert. Han meiner også at sjølv om

den allmenne lova dekker studentar, slik som likestillingslova og straffelova,

er det nødvendig med lover som er spesifikt retta mot studentar,

som konkret tek for seg seksuell trakassering eller seksuelle relasjonar

mellom tilsette og studentar.

I høve til straffelova §295 er det straffbart å skaffa seg seksuell omgang

”ved misbruk av stilling, avhengighetsforhold eller tillitsforhold”, men

kvar er retningslinjene? I ein situasjon der ein student og ein tilsett innleier

eit forhold, kven er det då som skal flyttast på, er det studenten

som må byta emne, eller er det forelesaren som må undervisa ein anna

plass?

– Me i STA meiner at det er forelesaren som må flyttast på, og at det er

nettopp dette det må vera klare reglar på, reglar som er godt kommuniserte

utad, og som er tydelege når ein tilset folk på universitetet, svarar

Kai Steffen Østensen.

Han fortel også om eit nytt prosjekt på UiA som heiter onboarding@uia.

Dette prosjektet handlar om ”onboardingprosessen”, det vil seie det å

bli ein del av kollegiale, og kva reglar ein må fylgje.

– Her må prinsippa og retningslinene koma tydeleg fram. Leiarstillingar

på universitetet, både instituttleiarar som er mellomleiarane og

fakultetsdirektørar som er dei øvste leiarane, må ha kursing i handtering

av blant anna seksuell trakassering, hevdar Østensen.

Haldningsedenringar

Rektor Frank Reichert har vorte leiar av Universitet- og høgskolerådet

(UHR) si nye arbeidsgruppe mot mobbing og trakassering, og synest

det er viktig å få fram at dette er ei sak universitetet tek svært seriøst.

Mobbing og trakassering er nettopp hovedtema for UHR sitt representantskapsmøte

i mai 2018. Universitetet jobbar også med opplæring av

leiarar og tilsette i korleis dei skal førebyggja og handtera mobbing og

trakassering.

- Det er bra at studentane har formeiningar om korleis retningslinene

våre bør vera, seier Bernt Jørgen Stray.

- Studieavdelinga har eit godt opplegg for korleis ein systematisk skal

jobba med å handtera og førebygga seksuell trakassering. Det er haldningsendringar

i akademia det eigentleg dreier seg om, også mellom

studenter. Det er nemleg viktig å forstå at dette ikkje er ein ”quickfix”,

men at det er noko som skjer gjennom endringar av haldningar

og verdiar ved systematisk arbeid, konkluderar STA-leiar Kai Steffen

Østensen.

april 2018 unikum nr 4 11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!