01.06.2018 Views

Navigare 2 - 2018

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

FRITIDSBÅTKONFERANSEN

VIL HA SERTIFIKATKRAV FOR

FØRARAR AV RASKE BÅTAR

– Vi ser ein klar fartsauke på sjøen, og det bør difor innførast eit eige sertifikat for raske båtar,

sa kommunikasjonssjef i Redningsselskapet, Frode Pedersen. Det var han ikkje den einaste som tok

til orde for under Fritidsbåtkonferansens paneldebatt.

KARI STAUTLAND

Redaktør Navigare, Sjøfartsdirektoratet

I

panelet sat også Ole Petter Parnemann

frå Politidirektoratet, Jon Skålheim frå

Kystvakten, Tore Nygaard frå Kystradiostasjonene,

Egil Olsen frå Kongelig

Norsk Båtforbund, og Sjøfartsdirektoratets

Petter A. Søreng. Oppgåva frå debattleiar

Ole Henrik Nissen-Lie var rett og slett å

peika på tryggleiksutfordringane på sjøen,

og å svara for kva som kan redusera

risikoen til sjøs. Ingen sa seg usamde i

fors laget om å vurdera eit eige sertifikat

for førarar av raske båtar.

SAMSTEMTE

– Ja! Vi kan ikkje ha det slik at ein kan

kjøpe seg en båt og kjøra i 70 knop

innaskjærs utan noko form for regulering.

Slik er det ikkje i andre land, sa Parnemann,

medan Nygaard og Skålheim nikka

samtykkande.

– Vi reiste dette i 2012, men førebels

har det ikkje vore politiske signal om at

dette er på trappene. Fram til den tid

kjem, må vi sjå på kva vi kan gjera med

utvikling av båtførarprøven og haldningsskapande

arbeid, sa Søreng, som leiar den

nyoppretta seksjonen for fritidsbåtar i

Sjøfartsdirektoratet. Like samstemte var

ikke debattantane då spørsmålet om promillegrensa

på sjøen kom på bordet.

TOK OPP PROMILLE

– Vi har ein litt spesiell situasjon her i

landet med ei promillegrense på 0,2 på

land og 0,8 på sjøen. Er det eit problem,

spurte debattleiar Nissen-Lie. Medan

Olsen meinte gevinsten med ei lågare

promillegrense ville vera liten, viste Søreng

igjen til til 2012, då det blei laga ein rapport

for å sjå på kva som kan gjera båtlivet

tryggare.

– Gruppa landa den gong på at det bør

bli gjort ei vurdering av promillegrensa.

Ein promille på 0,8 kan gjera at folk blir

meir risikovillige. Sjøfartsdirektoratet meiner

at ein skal vera heilt edru når ein fører

båt, men dette med promillegrensa har vi

ikkje tatt stilling til, sa han. Parnemann frå

Politidirektoratet tok på si side til orde for

ei differensiert promillegrense.

– Risikoen er ikkje den samme i ei lita

snekke som i ein stor cabincruiser, sa han.

STÅR PÅ HALDNINGAR

Debattantane meinte også at det gjenstår

ein del arbeid med å endra haldningane til

eigen tryggleik, særskilt hos godt vaksne

menn, som er overrepresenterte på ulykkesstatistikkane.

– Dei siste tre månadene har 16 døydd

i trafikken. På sjøen er talet 17. Vi kunne

tenkt oss ein større effekt av vestpåbodet,

men det kjem kanskje på sikt. Eg trur og

at vi har ein viktig jobb å gjera når det

gjeld denne gruppa vi har her, godt vaksne

menn, som ikkje er flinke nok til å tenka

på eigen tryggleik, sa Pedersen.

Jon Skålheim, som er mykje ute på

sjøen i jobben i Kystvakten, meinte å sjå

ein positiv tendens blant fritidsbåtbrukarane.

– Vi ser ei klar endring når det gjeld

vestbruken i opne fritidsbåtar, no ser vi

nesten ingen som er ute i desse utan vest,

så det er ei positiv utvikling, sa han.

12 | Navigare 2 - 2018

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!