01.06.2018 Views

Navigare 2 - 2018

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

LEDER

70 år for

sikker skipsfart

Olav Akselsen

Sjøfartsdirektør

« I dag er IMO heilt

avgjerande, og utan

samanlikning det

viktigaste forumet

for den internasjonale

skipsfarten.

Skipsfarten er internasjonal i sin natur. Gjennom historia har bruken av havet som

handelsåre gitt folk og nasjonar høve til å byta varer og på den måten sikra velstand og

utvikling. Trass i bil, jernbane og fly, vert framleis 90 prosent av godstransporten i verda

utført på og av skip.

Det vart tidleg klart at det var behov for internasjonale reglar for å sikra utviklinga i

næringa. Frå midt på attenhundretalet og utover, vart det gjort fleire forsøk på å få til

internasjonale reglar, utan at ein lukkast. Etter forliset av Titanic vart det gjort nye forsøk,

og ein lukkast med å få på plass den første store internasjonale avtala, eller konvensjonen,

om sjøtryggleik, SOLAS (Safety Of Life At Sea). Sjølv om denne konvensjonen på

mange måtar framleis er grunnlova i internasjonal skipsfart, var det først då FN sin

sjøfartsorganisasjon IMO starta sitt arbeid, at ein fekk eit systematisk arbeid for internasjonal

regulering av skipsfarten.

Det er i år 70 år sidan IMO vart vedteken oppretta. Etter ein heller treg start, har IMO

blitt viktigare og viktigare for å sikra ei positiv utvikling for den internasjonale maritime

næringa. I dag er IMO heilt avgjerande, og utan samanlikning det viktigaste forumet for

den internasjonale skipsfarten. IMO si hovudoppgåve har vore å få på plass internasjonale

reglar for auka tryggleik på sjøen, å gjera det tryggare for dei som jobbar om bord på

skip, og å få ned talet på ulykker.

I seinare år har IMO blitt meir og meir engasjert i miljøspørsmål, og reduksjon av

negativ miljøpåverknad av det marine miljø har vore på topp av agendaen. IMO har også

vore heilt avgjerande for å sikra like konkurranseforhold. Gjennom felles reglar og felles

handheving av desse, har ein heva standarden på skip, og ein har hindra at enkeltreiarar

eller land har kunna kutta hjørne når det gjeld standarden på skip.

IMO har 173 medlemsstatar. I tillegg er alle dei viktigaste organisasjonane innan

skipsfarten representert når nye reglar skal utviklast eller gamle reviderast. IMO har

vedteke meir enn 150 såkalla instrument som regulerer alt frå kva utstyr ein må ha om

bord, til reglar for navigasjon og for utdanning og kviletid.

Prosessane i IMO kan ta tid og tidvis vera frustrerande å vera vitne til. Nye reglar for

handtering av ballastvatn er eit døme på ei sak som har tatt altfor lang tid. Samstundes er

IMO eit av dei mest aktive og effektive organa i FN. Det er også slik at vedtak gjort i

IMO får heilt konkrete verknader for den maritime næringa. Det er difor viktig at eit

vedtak er grundig gjennomgått før det vert sett ut i live.

For Noreg og norsk skipsfart er IMO svært viktig. Norskregistrete skip opererer over

heile verda og mange er aldri innom norske farvatn eller norsk hamn. Nasjonal lovgiving

er difor lite eigna til å regulera norsk skipsfart. Nasjonale særreglar kan vera til hinder for

konkurransekrafta og føra til utflagging. Internasjonale reglar derimot, sikrar like konkuranseforhold.

Sidan IMO vart oppretta har me hatt ein formidabel nedgang i talet på skipsulykker.

Det er sjølvsagt fleire grunnar til det. Ny og betre teknologi har sjølvsagt vore viktig, og

nitid arbeid gjennom IMO og vedtak om betre opplæring, tekniske minstestandardar og

nye reguleringar, har heilt klart hatt uvurderleg positiv effekt. IMO har langt på veg

lukkast med si viktigaste oppgåve. Skipsfarten er blitt sikrare.

4 | Navigare 2 - 2018

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!