01.06.2018 Views

Navigare 2 - 2018

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

AKTUELT

Fotokonkurranse for fritidsbåtfolket:

HUGS VEST – OG KAMERA PÅ

SJØEN I SOMMAR!

TIDLEGARE BLINKSKOT: Dette herlege sommarbiletet er blant dei tidlegare vinnarane av konkurransen.

FOTO: FRANK HAUGHOM

Sommaren og deilige dagar i

fritidsbåten står for tur. Vi vil

gjerne sjå sommarens båtliv i

bilete, og byr på flotte premiar til

dei som sender oss årets beste

fritidsbåtbilete.

KARI STAUTLAND

Redaktør Navigare, Sjøfartsdirektoratet

– Ha en

riktig fin og

trygg båtsommer!

I

sommar arrangerer Sjøfartsdirektoratet

igjen ein fotokonkurranse der fritidsbåtar

står i fokus. Alle som ønskjer kan delta i

konkurransen, så her er det berre til å

knipsa i veg når motiva byr seg.

– Vårt mål er at folk skal ha det triveleg

og fint på sjøen, og god tryggleik er essensielt

om ein vil sikra seg ei fin båtoppleving,

seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

Det er desse fine turane vi ønskjer å få

tilsendt bilete frå.

Resultatet av konkurransen blir kunngjort

i neste nummer av Navigare, som

kjem ut i september. For at vi skal klara å

kåra vinnaren i tide, må vi ha mottatt

bileta seinast 15. august.

PREMIAR:

1.plass: Gåvekort på 5000 kroner og ein

flytevest

2.plass: Gåvekort på 2000 kroner og ein

flytevest

3.plass: Flytevest

4. – 10.plass: Naudladarar

VIKTIG:

• Send berre digitale bilete

• Bileta skal sendast til

hmsu@sdir.no innan 15. august.

• Maks fem bilete per deltakar

• Bileta må vera i høgaste oppløysing

• Merk sendinga tydeleg med fotografen

sitt namn, adresse og telefonnummer

• Sjøfartsdirektoratet har rett til å publisera

innsendte bidrag i Sjøfartsdirektoratets

publikasjonar. Dersom ein kan identifisera

personar på bileta må dei vera gjort

kjende med dette.

20 | Navigare 2 - 2018

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!