17.12.2019 Views

Navigare 4 - 2019

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

i ulykker der dødmannsknapp ikkje har

vore brukt. Dette er noko av det som er

lagt til grunn når regjeringa vil vurdera å

innføra eit krav om dødmannsknapp og

bruk av denne. Sjøfartsdirektoratet har

fått i oppdrag å vurdera saka, og sjå på

nytteverdien av å innføra eit slikt krav.

BÅTUTLEIGE

Kvart år skjer det alvorlege ulykker i

samband med utleige av fritidsfartøy. SHT

sette fokus på dette då dei kartla fritidsbåtulykker

i 2018. Dei stilte spørsmål om

tryggleiken til leigetakar er godt nok ivaretatt

gjennom dagens reguleringar. Regjeringa

ber difor Sjøfartsdirektoratet om å gjera ei

vurdering av tryggleiken ved slik verksemd.

Her skal det mellom anna vurderast om det

er behov for fleire krav til utleigar, førar,

fartøy og utstyr, og samstundes dei

administrative og økonomiske konsekvensane

ei eventuell endring kan gi.

BETRE FAKTA- OG STATISTIKKGRUNNLAG

Kunnskapsgrunnlaget for tiltaksplanen i

Nasjonal handlingsplan mot fritidsbåtulykker

kjem i stor grad frå Statens

havarikommisjon for transport (SHT) si

kartlegging av fritidsbåtulykker frå 2018.

Mellom anna blei det her synleg at

Sjøfartsdirektoratet kan få fram eit betre

fakta- og statistikkgrunnlag for ulykker

både med og utan omkomne. Dette blei

gjenteke i stortingsmeldinga, og Sjøfartsdirektoratet

har difor fått ei konkret

bestilling på området. Sjøfartsdirektoratet

blir også oppmoda om å innhenta fleire

data frå relevante etatar og organisasjonar,

og om å sjå til SHT sin metode

for innhenting av data.

– For å veta kva vi skal jobbe vidare

med, til dømes i haldningsskapande

arbeid, er det viktig med eit godt statistikkgrunnlag,

seier seksjonssjef Petter A.

Søreng i Sjøfartsdirektoratet.

Eit av tiltaka for å betra faktagrunnlaget,

forutan metode for innhenting av data, er

å registrera ulykker med hardt skadde.

Sjøfartsdirektoratet har eit nasjonalt ansvar

for å føra statistikk over fritidsbåtulykker. I

dag registrerer ein berre fritidsbåtulykker

med omkomne. Dette vil bli utvida til å

omfatta ulykker med hardt skadde.

Dette vil gje eit mykje betre faktagrunnlag

for vårt vidare arbeid. Sjøfartsdirektoratet

jobbar mot null omkomne i

samband med bruk av fritidsbåt. Når me

veit meir om korleis ulykkene skjer får me

også betre forutsetningar for å betra det

forebyggande arbeidet, seier Søreng.

REVIDERING AV SMÅBÅTLOVA

Siste del av bestillinga frå regjeringa

omhandlar småbåtlova. I stortingsmeldinga

kjem det fram at regjeringa skal revidera

denne, men framdriftsplanen for dette

arbeidet er ikkje kjent ennå.

Navigare 4 - 2019 | 21

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!