17.12.2019 Views

Navigare 4 - 2019

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

SÅRBART: Miljøet i Arktis er sårbart og redningsressursane er avgrensa. Det er difor svært viktig å førebyggje at ulukker oppstår i farvatnet rundt Svalbard.

FOTO: HAAKON KJØLLMOEN

dette områder vil alltid vere krevjande å

handtere. Det er difor svært viktig å

førebyggje at ulukker oppstår. Sjøfartsdirektoratet

har registrert at ein relativt

stor del av skipsulukkene på Svalbard er

grunnstøytingar. Me legg til grunn at

strengare krav til reiseplanlegging vil

redusere talet på grunnstøytingar, seier

Sonja Hillersøy, underdirektør i

passasjerskipsavdelinga.

I tillegg har direktoratet registrert

alvorlege personulukker med dødeleg

utfall. Minst to dødsulukker har vore

knytt til bruk av småbåtar nær kalvande

isbrear. Direktoratet innfører no

minimumsavstand på 200 meter frå

brefronten.

TENDERBÅTAR

Direktoratet la også fram eit forslag til nye

reglar for bruk av småbåtar, eller tenderbåtar,

som blir sett ut frå større passasjerskip.

Desse reglane fekk ikkje støtte i

høyringa, og er førebels ikkje fastsett.

Direktoratet arbeider vidare i dialog med

næringa og Nærings- og fiskeridepartementet

for å få på plass tryggleikskrav for

denne aktiviteten. Næringa opplyser at bruk

av småbåtar er ein viktig del av opplevinga

dei ønskjer å tilby passasjerane sine.

– Vi har medlemmer som har drive

aktivitet på Svalbard i meir enn 30 år,

skriv Frigg Jørgensen i eit brev til Sjøfartsdirektoratet.

Jørgensen er administrerande

direktør i Association of Arctic Expedition

Cruise Operators (AECO).

– Dei har segla rundt heile Svalbard og

ein del av opplevinga undervegs har vore å

nytta skipets tenderbåtar til kortare turar

nærare land enn det moderfartøyet kan

segle. Dette kan gi flotte naturopplevingar

utan å gå i land, noko som kan ha

operasjonelle, så vel som miljømessige og

tryggleikmessige fordelar.

Etter dagens reglar er det lovleg å frakte

Navigare 4 - 2019 | 23

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!