17.12.2019 Views

Navigare 4 - 2019

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

SMÅNYTT

Digital løysning for fiskefartøy

og lasteskip under 15 meter

Sjøfartsdirektoratet har gått grundig gjennom korleis ein jobbar

med tilsyn av fartøy i dag. Ein har sett på områder som kan

forbetrast og forenklast og kva moglegheiter som ligg i å bruke ny

teknologi. No jobbar prosjektgruppa med ei digital løysing.

– Målet for dette prosjektet er å gjera regelverk og forvaltningspraksis

tilgjengelege i databasar slik at dette kan brukast av datamaskinar.

Vidare skal vi bruka dette grunnlaget for å gjera sertifiseringsprosessen

digital slik at alle steg blir sporbare og godt dokumenterte,

fortel Kristian Torkelsen, som leier prosjektet i direktoratet. Han fortel

at dette vil gjera at arbeidet med sertifisering for fartøya blir meir

einsretta, enklare og meir effektivt.

– Vi trur at dette kan føra til at mannskap, reiarar og verft får betre

forståing av våre krav, og at det vil vera med på å gjera regelverket

meir brukarvenleg. Det vil gjera sakshandsaming av fartøy overfor

rederi og verft meir oversiktleg og mindre byråkratisk, legg Torkelsen

til.

LETTARE TILGJENGELEG

Får å få dette til skal ein lage ei plattform som er tilgjengeleg for

involverte partar. Målet er at dei som brukar fartøya enkelt kan finne

ut kva krav som gjeld sitt fartøy. Plattforma skal og ta vare på

kommunikasjonen mellom Godkjente foretak, rederi og Sdir. På den

måten vert alle tilsynsaktiviteter og dokumentasjon tilgjengelege på

ein plass for dei som har ei rolle mot fartøyet. Her vil ein kunne få

informasjon om status på pågåande aktivitetar, og kunne lese om

detaljer i våre forskrifter når ein har behov for det.

– Vi har og ambisjonar om at systemet skal kunne seie noko om

omfanget av vår kontroll om ein gjer endringar på viktige

fartøyparameter. Til dømes ved endring av fartsområde eller ved

forlenging av eit fartøy, fortel Torkelsen, som er senioringeniør ved

fiskefartøysavdelinga i direktoratet.

GÅR STRAKS I GANG

Ein ser for seg at næringa får tilgang til desse tenestene som ei

utviding av det som er på Min side fartøy i dag. Samtidig blir det lagt til

rette for å levere og ta imot data frå eksterne system. Dette kan til

dømes vera vedlikehaldssystem som er om bord i fartøya i dag. Det

kan og vera andre aktørar som klasseselskap eller tilsynsetatar.

– Vi har arbeida med desse tankane i fleire år, men no har me laga

ein detaljert plan for korleis dette kan løysast. Vi har prototypar for

brukarflater og har detaljerte løysningforslag for den tekniske sida av

dette, seier prosjektleiaren. Arbeidet med lage datamodellar som er

nødvendig for å realisere dette startar første veka i desember.

Vil hindre utflagging av skip

Regjeringen foreslår endringer i sjøloven og NIS-loven, og vil

åpne for bareboat-registrering av skip.

Bareboat-registrering handler om at et skip i en begrenset periode er

registrert i to skipsregistre samtidig. Dette bidrar til å videreføre Norges

posisjon som sjøfartsnasjon, ettersom det både kan hindre utflagging

og å øke skipsregistrenes internasjonale konkurranseevne.

Lovforslaget er en oppfølging av regjeringens maritime strategi fra

2015, og ordningen vil bli evaluert etter fem år.

– Regjeringen jobber kontinuerlig med å bedre vilkårene for norsk

maritim næring. Dette gir næringen tilgang til nye markeder, samtidig

som det kan hindre permanent utflagging fra norske skipsregistre, sier

næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Navigare 4 - 2019 | 45

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!