22.02.2013 Views

kultur - Under Dusken

kultur - Under Dusken

kultur - Under Dusken

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

MENINGER

Tenke sjæl og mene

KRONIKK

24

Meninger

leiar Studenttinget NTNU

MarTin a. Sværen

Det nærmar seg eit nytt val til Studenttinget

og då kryp plutseleg alle dei

skumle studentpolitikarane fram frå

hiet sitt og skal få deg til å bli med

i Studenttinget. Du bør i alle fall

stemma seier dei. For ja, me slit med

valoppslutninga, sist val var den 10,4

prosent, og det var 50 kandidatar til

25 posisjonar i Studenttinget. Tydar

dette at berre 1 av 10 studentar bryr

seg om kven som representerar dei,

og at nesten ingen studentar gidd å

ta i eit tak?

Då underteikna stilte til Studenttinget

som vanleg medlem hausten

2005 var det med stor uvisse om kva

eg eigentlig gjekk til. Stemmene blei

talt opp, og eg var plutseleg valt saman

med 24 andre studentar for å representera

alle dei 20 000 studentane

på NTNU. Ein litt skummel kjensle

i grunnen, eg skal meina noko på

vegne av så mange. Ein heilt vanleg

student på fysikk og matematikk som

skal seie noko om korleis Eksperter i

Team skal vera lagt opp eller om det

skal vera karakterkrav på matematikk

for å komma inn på sivilingeniør på

NTNU. Men det gjekk bra. Gjennom

eit år som medlem er du med på å

meine mykje om mykje, og du byggjar

deg opp ein veldig god kompetanse om

universitetspolitikk og utdanningssystemet

både ved NTNU og på nasjonalt

plan. Det sosiale samhaldet gjer at ein

kjenner seg trygg etter kort tid. Du

får også gjennom den sosiale delen av

Studenttinget ein unik sjanse til å bli

kjent med studentar frå heile universitetet,

byggja eit nettverk og skaffa

deg mange nye vener.

«Tenke sjæl og mene» har vore

brukt som eit slagord for å få studentar

til å ta steget til å stilla til val. Det å

få studentane til å tore å utrykkja si

meining overfor andre enn berre eigne

kameratar er ei stor utfordring for både

institusjon og studentorganisasjonar.

Alle studentane vil jo så klart ha det

best mogleg, og dei fleste sitt med eigne

idear for å gjera det betre. Tør du å

testa ut din idé for å vera med å bidra

til ein betre studiekvardag?

NTNU er ein veldig spesiell

institusjon med tanke på studentrepresentasjon,

då NTNU er veldig flink

til å ta med studentane si meining og

la studentane vera representert. Men

NTNU treng studentar som tør å seia

si meining, både i Studenttinget og i

andre verv, råd og utval. Tør du vera

ein av dei?

Anders Todal Jenssen, valforskar

ved NTNU, kjem sikkert og i år til å gå

ut etter valet og seia at grunnen til at

studentar ikkje er engasjerte er at me

ikkje har politiske lister og at det er få

eller ingen forskjellar mellom kandidatane.

Eg er overbevist om at politiske

lister ikkje har noko føre seg her på

NTNU då det er viktig at alle studentane

i Studenttinget representerer og

uttaler seg på vegne av studentane og

ikkje eit parti. Studenttinget skal vera

studentanes røyst, ikkje Arbeiderpartiet

eller Høyre si. Mi utfordring til

studentane er å stilla til val og visa

Todal Jenssen at studentane er enga-

SIVERT FRØSETH ROSSING

Kronikk og debattansvarlig

Under Dusken tar gjerne imot leserbrev.

For å gi rom for alle, begrenses lengden på et innlegg

til 3000 tegn. Korte kommentarer og replikker

begrenses til 1800 tegn.

Vi forbeholder oss retten til å redigere og forkorte

innlegg. Vi gjør oppmerksom på at innlegg også vil

være tilgjengelige på UDs hjemmesider.

Innlegg og kronikk kan sendes til:

meninger@underdusken.no

Frist: Torsdag 18. oktober

STUDENTTINGET: Tørr du skilja deg ut og bli med i talerøyret til studentene? Da bør du bli med i Studenttinget, mener forfattaren.

(Arkivfoto: Marte Lohne)

sjerte i universitets- og studentpolitikk.

Eg er også overbevist om at studentane

klarer å sjå forskjellane på kandidatane

utan at dei treng å stå på ei liste med

enten Torstein Dahle eller Siv Jensen

som førebilete. Studentane i Studenttinget

har politiske meiningar sjølv om

dei ikkje representerer politiske lister,

og slik bør det fortsetta å vera.

Tørr du skilja deg ut og bli med

i talerøyret til studentane? Bli med i

Studenttinget så kan du og vera med

å ”tenke sjæl og mene”, slik at me

saman kan vera med å laga eit betre

universitet. Har du spørsmål, ta gjerne

kontakt, og eg minnar om at fristen

for å melda kandidatur går ut den 19.

oktober.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!