03.05.2013 Views

Musikkterapi nummer 2 - 2005

Musikkterapi nummer 2 - 2005

Musikkterapi nummer 2 - 2005

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Flytting av Sandane-studiet til Bergen eller Stavanger –

kvifor det?

av Brynjulf Stige

Nokre av dei første tekstane eg publiserte kom i

Musikkterapi i 1987 og 1988 og heitte høvesvis “Ny

musikkterapiutdanning i Noreg” og “Musikkterapiutdanning

på Sandane – kvifor det?” No skal eg skrive

om flytting av det same studiet, til Bergen eller

Stavanger, og spørsmålet er altså det same – kvifor

det?

Først ein kort ekskurs tilbake til kvifor det vart Sandane

i 1988. Det konkrete utgangspunktet på slutten av

1980-talet var ei aukande interesse hjå norske

kommunar for å tilsetje musikkterapeutar. Dette hang

m.a. saman med fokuset på integrering i barnehagar,

skular og musikkskular og ulike prosjekt som hadde

sannsynleggjort at bruk av musikkterapi er tenleg i

høve til dette. I handsaminga av 1988-budsjettet gjekk

difor Stortinget inn med ei ekstraløyving som gjorde

det mogeleg å starte opp ei musikkterapiutdanning på

Sandane. Kvifor Sandane og ikkje Stavanger, Bergen,

Trondheim eller ein annan meir etablert studiestad?

Bakgrunnen for dette valet var samansett og handla

m.a. om distriktspolitikk, men det var også mogeleg å

argumentere for at dette var tenleg reint fagleg: På

denne tida var musikkterapimiljøet på Sandane like

stort som miljøa i dei tre nemnde byar til saman, og det

såkalla “Gloppen-prosjektet” hadde vore med på

å synleggjere at det finst eit spennande rom for utvikling

av musikkterapien i distrikts-Noreg. Ein føresetnad

for oppstart i 1988 var likevel eit tett samarbeid

med studiet i Oslo, den gongen knytt til Østlandets

Musikkonservatorium, og vi som har arbeidd på

Sandane er takksame for den hjelp og støtte vi fekk

frå Oslo dei første åra og for det meir likeverdige

samarbeidet som vi har hatt seinare.

Det har ikkje gått så gale med musikkterapimiljøet

på Sandane. Vi arrangerte den første nordiske

Musikkterapi 2-2005

musikkterapikonferansen i 1991 og har seinare

arrangert regionale konferansar både i 1995 og 1998.

Vi etablerte Nordic Journal of Music Therapy i 1992

og Voices i 2001 og har gjennom det fått eit fint

internasjonalt nettverk. I 2003 fekk vi i ei større fireårig

løyving frå Norges forskingsråd for eit prosjekt innan

psykiatri og samfunnsmusikkterapi. I dag er det såleis

m.a. fire førsteamanuensar, ein stipendiat og ei stilling

som professor II knytt til studiet. Likevel arbeider vi

altså for flytting. Her er bakgrunnen:

Flyttetanken vaks fram gjennom hausten 2004. Kort

fortalt handlar dette om at vi vurderer det slik at fire

føresetnader må vere på plass for at eit musikkterapistudium

skal kunne fungere godt: a)solid fagmiljø,

b)god studentrekruttering, c)godt nettverk av praksisplassar,

d)gode og trygge institusjonelle rammer.

Dagens studentar sin preferanse for urbane studiestadar,

endringar i regjeringa si distriktspolitikk og eit

aukande sprik mellom musikkterapifaget sitt behov for

forsking/doktorgradstilbod og rammene ein liten

regional høgskule kan gje, gjer at vi i dag slit noko

tungt på dei tre siste punkta. Det er for mykje til at

miljøet skal kunne vekse seg livskraftig.

Vi har tidlegare vore optimistar på Sandane sine vegner,

men har altså endra vurdering. Sidan januar 2005 har

vi difor vore i dialog med leiinga for Høgskulen i Sogn og

Fjordane (HSF) om framtida for studiet, der vi konkret

har foreslått flytting til Stavanger eller Bergen. I mars

tok styret for HSF situasjonen til vitande. Høgskulen

har med andre ord akseptert at drøftingar med aktuelle

institusjonar vert sette i verk. (Eg vil her leggje til

leiinga for Høgskulen har vore svært profesjonelle og

konstruktive i denne prosessen, som dei jo slett ikkje

berre er glade for). Både Universitetet i Stavanger og

Universitetet i Bergen har signalisert interesse for

Brynjulf Stige

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!