03.05.2013 Views

Musikkterapi nummer 2 - 2005

Musikkterapi nummer 2 - 2005

Musikkterapi nummer 2 - 2005

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Nytt fra høgskolene

Frå ein “minikonferanse” på masterstudiet

Av Brynjulf Stige

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Innleiing

I slutten av april hadde det første kullet på masterstudiet

si åttande og siste vekesamling for den vitskaplege

delen av studiet dette året. Tysdag til torsdag i denne

veka hadde vi ein “minikonferanse” der studentane la

fram resultat av praktiske prosjekt knytt til valfri

fordjuping. Studentane hadde 30 min til presentasjon,

deretter var det sett av 15 minutt til kommentarar,

spørsmål og diskusjon. For å vise litt av spennvidda

i opplegget, vil eg kort referere frå foredraga, som

fordelte seg på tre tema, nemleg samfunnsmusikkterapi,

psykiatri og rettleiing. Eg byggjer delvis

på dei samandrag studentane sjølve har skrive for deira

presentasjonar:

Samfunnsmusikkterapi

Merete Holme og Pernille Stangenes starta minikonferansen

med foredraget “Bandworkshop på

ungdomspsykiatrisk avdeling.” Eit viktig tema i dette

foredraget var korleis ein kan arbeide med å fremme

helse hos pasientar innanfor eit medisinsk system, der

mykje av fokuset elles er problem- og konfliktorientert.

Musikkterapi 2-2005

Kathrine Algerøy heldt eit foredrag om musikkterapi for

barn på sjukehus og fokuserte på breidda i aktuelle

tilnærmingar, frå bruk av musikk i “tilfeldige” situasjonar

til meir planlagde møtepunkt i felles “musikkstunder”

og i einerom. Dette som utgangspunkt for ei drøfting av

samarbeid med andre yrkesgrupper.

Veronica Slettebakk sitt tema var “Lobbykonsert”, og

hennar foredrag bygde på erfaringar frå ein nokså

uvanleg, men spennande, praksissituasjon ved sjukehuset

Beth Abraham i New York. Internasjonale

perspektiv sto også sentralt i japanske Setsu Inoues

bidrag om musikk og identitet, der ho drøfta mogelege

skilnader i relasjonen mellom individ og fellesskap i den

japanske og i den norske konteksten. Inoue har latt

japanske sjukepleiestudentar arbeide med oppgåver

i musikk og identitet, og tok opp interessante kulturpsykologiske

tema knytt til dette.

Merethe Wolf Lindwall fokuserte på “Barns deltakelse

og musikkterapitimer med fri struktur”, med

Brynjulf Stige

31

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!