03.05.2013 Views

Musikkterapi nummer 2 - 2005

Musikkterapi nummer 2 - 2005

Musikkterapi nummer 2 - 2005

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

18

Flytting av Sandane-studiet

studiet, og Høgskulen i Bergen er også inne i biletet.

Forhandlingar utover våren, sommaren og hausten vil

avgjere kva som vert studiet si framtidige adresse.

Ein epoke er snart slutt. Eg kan kjenne vemod, ikkje

berre som Sandanepatriot og bygdegut, men også som

fagperson. Sogn og Fjordane har vore eit spennande

fylke å arbeide i, og svært mykje av det eg har lært om

samfunnsmusikkterapi, økologiske perspektiv og tverrsektorielt

arbeid har eg lært her. Samstundes er eg nokså

overtydd om at dette er starten til noko nytt og positivt

for norsk musikkterapi. Mellom anna vil praksistilbodet

i Stavanger eller Bergen verte sterkare og meir varierte

enn det vi kan tilby på Sandane i dag,

ikkje minst i høve til ulike praksisfelt innan helsevesenet.

I og med at masterutdanning no er inngangsbilletten

til yrket, vil også etterspørselen etter doktorgradsutdanning

auke, samstundes som dei fagtilsettes

motivasjon for og forventning om å kunne arbeide på

dette nivået vil auke. Ei tilknyting til eit universitets-

Musikkterapi 2-2005

miljø vil kome dette i møte og vil også gje rom for

vidareutvikling av faget gjennom ulike tverrfaglege

forskingsprosjekt.

Utgangspunktet vårt for forhandlingane med aktuelle

universitet er at dei som ønskjer det i fagmiljøet må

få tilbod om arbeid ved den nye vertsinstitusjonen.

Dette er ein føresetnad for at vi skal makte å vidareføre

pågåande forskingsprosjekt og vidareutvikle dei to

internasjonale tidsskrifta som vi har ansvaret for.

Til slutt, ei lita presisering: Flytting er tidlegast aktuelt

i 2006 eller 2007 og flytteplanane får ingen konsekvensar

for noverande studentar på Sandane eller for nye

søkjarar til studiet her. Til hausten er det oppstart med

nytt kull Musikk og helse som vanleg, og studietilboda

vil verte gjennomførte med full bemanning og topp

fagleg kvalitet studieåret 2005/2006 og fram til

eventuell flytting.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!