16.07.2013 Views

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

JØRN HOEL er med på å spreie

nordnorsk dialektglede. Foto: Wikipedia

Tiltrekkjande

nordnorsk

Semja er stor om at det er nordlendingane

som har dei mest attraktive

dialektane i Noreg.

Det viser ei landsomfattande

undersøking analysebyrået InFact

har utført på vegner av dialekttenesteleverandøren

PurDialekt.

Over éin av ti har svart at dei

synest nordlendingar har dei mest

attraktive dialektane. Ingen andre

dialektar fekk større eller like stor

oppslutning. Sunnmøringane

skåra derimot dårlegast med under

sju prosent stemmer.

– Identiteten i Nord-Noreg er

kanskje tydelegare enn nokon annan

stad i Noreg. Det er ikkje lenger

Oluf og Rorbua folk tenkjer

på når dei høyrer «nordlending».

Heldigvis er høglydt banning,

vulgære historier og vitsar om fut

og fogd av mange gløymt. Det er

viktig å hugse at Nord-Noreg for

eksempel har artistane Jørn Hoel

og Steinar Albrigtsen, den populære

komikaren Truls Svendsen,

og det unge rockebandet Black-

Sheeps frå Aust-Finnmark, seier

konseptansvarleg i PurDialekt,

Tore Jahren, til NRK Nordland.

På ein solid andreplass i

undersøkinga kjem sørlandsk

med dryge ti prosent, medan

trøndersk og bærumsdialekten

følgjer etter med eit par prosentpoeng

færre.

PurDialekt har som formål å

fremje dialektmangfaldet i Noreg,

og ønskjer å ta vare på alle dialektar

frå Lindesnes til Nordkapp.

– Folk elskar dialektar, enten

det er gloser frå Martin Schanche,

parodiar på Tore Strømøy eller

Tande-P eller NRK-program med

karakterar busette i bortgøymde

lier og fj ell, seier Jahren. (NPK)

TÅKEPRAT: Klart språk-prosjektet

ønskjer betre sikt i statsspråket.

Ill: Klartspråk

Styrkjer

språket

Statsorgan kan også i år søkje

prosjektmidlar og rådgiving frå

prosjektet ?Klart språk i staten?.

Nytt av året er at ein i tillegg

kan søkje om eigne kurs i klart

språk som blir haldne internt i

verksemda. Det kan søkjast om

fagleg rådgiving, kurs i klart språk

på arbeidsplassen og/eller økonomisk

støtte til språkarbeid. Støtta

skal brukast til å forbetre språket

i den skriftlege informasjonen, til

dømes i brev, skjema, nettekstar

og rettleiingar.

Målet med ordninga er å oppmuntre

statlege organ til å starte

eigne språkforbetringsprosjekt

eller styrkje prosjekt som alt er

sette i gang, skriv Direktoratet for

forvaltning og IKT.

I fj or blei det delt ut til saman

to millionar kroner til ulike språkprosjekt

i staten. (NPK)

Målbyte

3unge om

nynorsk

? Du har nynorsk som hovudmål.

Vil du halde fram med å bruke

nynorsk som hovudmål?

? Nemn ein nynorsk forfattar.

? Kva assosierer du med «nynorsk»?

Mari Gjevre

(15), Ulnes

! Eg er usikker, fordi dei fl este

vel bokmål.

! Odd Nordstoga.

! Eg assosierer nynorsk med

dialekt.

Andrea Haugene

(14), Ulnes

! Ja, fordi eg har hatt nynorsk

heile tida. Bokmål blir litt feil

for meg.

! Eg kjem ikkje på nokon, eg les

ikkje så mykje.

! Når eg tenkjer på nynorsk, så

tenkjer eg på noko som er

gammalt.

Andris Hemsing

(14), Aurdal

! Ja, eg har jo gått frå bokmål

til nynorsk på ungdomskulen.

Det er artig å halde på

nynorsk og dialekt.

! Hm ..., Ivar Aasen.

! Eg tenkjer på dialekt og eit

språk som er ordentleg norsk.

Foto: Magnus Ridola

Fleire klarer norskprøva

Talet på innvandrar som står på

skriftlege norskprøver, aukar. Samtidig

tek stadig fl eire prøvene.

I 2009 stod 62 prosent av kandidatane

på skriftleg Norskprøve

2. Til samanlikning stod 49 prosent

av dei som tok prøva i 2007. Det

I Valdres har ein sett i

gang eit treårig prosjekt,

Målstreken, for å motvirke

at elevar med nynorsk

i grunnskulen skiftar

målform.

Prosjektet tok til i 2009, mellom

anna med ei undersøking om målval

blant elevane på Valdres vidaregåande

skule. Undersøkinga syner

at heile 75 prosent av nynorskbrukarane

skiftar målform løpet av

skuletida. Prosjektleiar Karen Marie

Kvåle Garthus er bekymra for

det store fråfallet.

– Det er eit dårleg teikn at så

mange kvittar seg med nynorsken

i løpet av det 13-årige skuleløpet.

Det fi nst ein kjerne med nynorskskrivarar

som vil halde på nynorsken,

men det krev stort medvit.

Bokmålsstraumen er sterk.

Inga moralisering

– De har nett starta prosjektet,

korleis er responsen frå elevar og

lærarar?

– Tilbakemeldingane frå lærarane

er positive, ingen har ytra

seg negativt om prosjektet, men

haldningane kan sjølvsagt fi nnast

likevel. Utfordringar knytte til

målbyte er noko lærarane ynskjer

hjelp til utanfrå, fortel dei. Fleire

av lærarane er dessutan opptekne

av å vera nøytrale til målformene i

skulekvardagen, og ikkje tematisere

målbyte i undervisinga. Nettopp

difor er dei sæle for at vi kjem inn

med haldningsskapande arbeid.

Nynorsk er òg eit politisk spørsmål,

og som lærarar vil dei ikkje moralisere.

Moralisere ynskjer heller ikkje

eg som prosjektleiar å gjera, men eg

kjem i ein annan posisjon enn lærarane

på skulen.

– Kva seier elevane?

– Dei verkar positive til at eg kjem

på besøk, men det er vanskeleg å vite

kva slags inntrykk dei sit att med.

Elevane er stort sett blide og høfl ege,

men det betyr ikkje at dei har fått

med seg noko. Men eg vel å tru at

viser tal frå Vox, nasjonalt fagorgan

for kompetansepolitikk. Frå 2007

til 2009 har det vore ein auke på 86

prosent i talet på innvandrarar som

har teke skriftleg Norskprøve 2.

Norskprøve 2 er ei elementær

prøve som måler evna til å forstå

det er viktig for mange av nynorskbrukarane

å få høyre at det språkvalet

dei så langt har teke, er bra.

Motivere

– Skal de følgje opp elevane i etterkant?

– Vi vil gjera eit måling i slutten

av prosjektet. Korleis denne blir,

veit vi førebels ikkje.

– Tala frå undersøkinga i den

vidaregåande skulen er kanskje ikkje

særleg oppløftande for dei som

arbeider for og med nynorsk. Når alt

kjem til alt – har det nokon hensikt

å setje i verk tiltak som Målstreken?

Hjelper det?

– At elevar skiftar hovudmål i

skulen er ikkje eit nytt fenomen,

men er ein tendens som har gått

føre seg i mange år. Difor er det også

eit politisk mål å gjera noko med

situasjonen. Det er mellom anna

nedfelt i stortingsmeldingane, Mål

og meining og Språk bygger broer. Vi

kjem nok ikkje dit at alle held på nynorsken

gjennom heile skuleløpet,

men målet er at fråfallet ikkje skal

vera så stort som i dag, at færre skiftar.

Det viktigaste er å appellere til

dei som ikkje har gjort seg så mange

tankar omkring språkskifte, motivere

desse til å halde på nynorsken.

Ei sterkare tematisering av språkskiftet

trur eg i seg sjølv er viktig.

– Når så mange av elevane skiftar

målform frå nynorsk til bokmål

– seier det også noko om feilslåtte

og mislykka strategiar frå til dømes

Noregs Mållag?

Lubna Jaff ery Fjell trur

målbyteproblematikken

i Valdres ikkje er representativ

for resten av

landet.

Fjell er statssekretær i Kulturdepartementet

med ansvar for språkområdet.

– Inntil det motsette er prova,

både håpar og trur eg at dette ikkje

er representativt for den språklege

og bruke vanlege ord og uttrykk i

tilknyting til dagleglivet.

Dei beste resultata på prøva var

i Region Øst, som omfattar Oslo,

Akershus, Vestfold og Østfold, der

stod 65 prosent av dei som tok

norskprøva. (NPK)

Kjempar mo

Elevar byter

bort nynorsk

Undersøkinga er eit varsku

Statssekretær Lubna Jaff erty Fjell

Foto: Steve Woods/Stock.Xchng/AS

Foto: Bernadsky/Stock.Xchng

POLITISK MÅL: – At elevar skiftar hovud

prosjektleiar Karen Marie Kvåle Garthus i

– Eg kan ikkje seia så mykje om

strategiane til Noregs Mållag. Det

er heller ikkje riktig å seia at det er

Noregs Mållag sitt ansvar at nynorsken

har levelege kår. Vi skal ikkje

privatisere eit off entleg ansvar.

– Kva seier undersøkinga de

lekkasjen frå nynorsk til bokmål på

landsbasis. Likevel er det klart at

undersøkinga frå Valdres er eit varsku

som vi må ta alvorleg, skriv Fjell

i ein e-post.

– Kva kan de i Kulturdepartementet

gjera for å stimulere til

sterkare synleggjering av nynorsk

barne- og ungdomskultur?

Profi lere nynorsk

– Vi gjer ein god del alt i dag, men i

språkmeldinga (Språk bygger broer

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!