16.07.2013 Views

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

Utgjeven av Noregs Mållag

Tilskrift:

Postboks 474 Sentrum

0105 OSLO

Redaktør: Kjartan Helleve

kjartan.helleve@nm.no, 23 00 29 32,

faks 23 00 29 31

I redaksjonen:

Magnus Bernhardsen,

Hege Lothe

Heimeside: www.nm.no

Abonnement: 250 kroner per år

Utforming: Språksmia AS

smia@spraksmia.no

Språkrådet

rører på seg

Årsmeldinga til Noregs Mållag

har ikkje mange konkurrentar,

men har no fått ein ny.

«Språkstatus 2010» heiter eit

hefte som kom frå Språkrådet

no i vinter. Det er det fyrste

av det som skal bli ei årleg

oppsummering av korleis det

står til med språket her til

lands. Som på mange måtar

er det same som kapittelet

«Målpolitiske arbeidsfelt» i

årsmeldinga vår prøver å seie

noko om.

I Mållaget har Språkrådet vore

mest kjent for meir eller

mindre vellukka forsøk på

å normere nynorsk. No er

dei i gang igjen, men denne

gongen har dei tenkt nytt,

ved å setje saman ei nemnd

som ikkje utelukkande består

av professorar og reine lingvistar.

I tillegg har Språkrådet vore til

hjelp i konkrete saker, der

deira ord har vore ekstra ammunisjon

til skytset vårt. Ressursane

deira har likevel vore

få, og det har vore ein akutt

fare for at klagene frå oss har

hamna bak i ein lang kø. I vinter

har det nesten vore tvert

om, og Språkrådet har vore

fl ink til både å etterlyse fl eire

klagar, og å fylgje opp dei som

har kome inn.

No vil ikkje «Språkstatus 2010»

få nokon pris korkje for form

eller for tittel. Men publikasjonen

er eit av dei mest

konkrete resultata av Språkmeldinga.

Der vart det understreka

at Språkrådet skulle

styrkjast og at det skulle få ei

større og meir aktiv rolle.

Eit meir aktivt Språkråd er hjarteleg

velkome. Det kan gjere at

me t.d. ikkje treng å ta kampane

om brot på mållova om

att og om att, men heller setje

fl eire krefter inn på andre

område. Det er nok å ta av.

2

Kjartan Helleve, redaktør

leiarteigen

VERT FLEIRSPRÅKSKUNNSKAP verdsett i Noreg?

– Eg er i tvil. Debatten om obligatorisk

2. framandspråk i grunnskulen er eit

døme. Konklusjonen vart at redsel – for

press på teorisvake elevar – vann over

fl eirspråkskunnskap. Der andre europeiske

land sidan 2002 har hatt opplæring

i to eller fl eire framandspråk frå tidleg

alder som eit klårt mål, og dei fl este har

innført det, kan ein i Noreg framleis velje

bort det andre framandspråket i skulen.

På statistikk over kor mange framandspråk

kvar elev i gjennomsnitt lærer i dei

ulike EU/EØS-landa, er Noreg midt på

treet for ungdomsskulen, og i dårlegaste

halvdel for vidaregåande skule. Både for

ungdomsskule og vidaregåande skule er

Noreg dårlegast i Norden, med god margin.

Det manglar verdsetjing av fl eirspråkskunnskap

i Noreg. Språklæring vert oftare

sedd på som ei byrde enn ein verdi. Tysk

i skulen vert til dømes assosiert einsidig

med pugg og grammatiske vanskar, og lite

eller inkje med gleda ved å kunne kommunisere

med nokon av dei 185 millionane

som snakkar tysk.

VERDSET VI INNVANDRARAR sin fl eirspråkskunnskap?

I off entlege ordskifte om

morsmåls- og norskopplæring høyrer

ein oftast argument baserte på «ballongteorien».

Denne tilnærminga, der ein trur

at kunnskap i ulike språk «kjempar om

plassen» i hovudet, ligg til grunn når ein

er redd for at kunnskap i morsmål skal

redusere språklæring i norsk. Røynda er at

auka kunnskap i eit språk gjer det lettare

å lære andre språk. Og skriftleg kunnskap

i morsmålet, det språket ein tenkjer på,

gjer det mykje lettare å tileigne seg andre

skriftspråk. Når politikarar vil kutte mors-

Tidsnok vil du forstå:

mor di har ikkje hjarte til svare

før f dagen kjem då ho må.

PRENEZ GARDE!!!

Einfald eller fl eirspråk

Håvard B. Øvregård, leiar

målsopplæring for at elevane skal lære

betre norsk, tenkjer eg på småguten som

pissa i buksa for å verte varm.

Eigenverdien av dei såkalla «innvandrarspråka»

vert også undergraven når få

eller ingen set fokus på den store styrken

det er at ein aukande del av folket i Noreg

kan fl eire språk. For kvart språk har ein

eigenverdi. Språk er ikkje berre eit kommunikasjonsmiddel,

kvart språk er eit

kulturuttrykk, ein del av verdsarven, eit

grunnlag for tenking, utvikling og «sjølve

livet». Kvart språk du kan, gjev deg innsikt

i ei heil verd av tankar, idear, historie og

kunnskap. Men kvart språk du kan, gjev

deg òg meir innsikt i deg sjølv. Kunnskap i

eit nytt språk kan lett gjere deg til eit betre

menneske.

MEIR HANDFAST, SÅ GJER KUNNSKAP i eit anna

språk deg i stand til å kommunisere med

mange fl eire. Det er ikkje for inkje at

krigstrøytte intellektuelle på slutten av

1800-talet ville «redde verda» gjennom å

lage nye språk som skulle vere lette å lære

for menneske i alle kulturar. Volapük og

esperanto var slike verdsfredsprosjekt. No

er draumen om det eine store verdsspråket

bytt ut med verdsetjing av fl eirspråkskunnskap.

Språklæringsfokuset i EU er

mellom anna basert på dette. Gjennom

kunnskap med læring og bruk av fl eire

framandspråk, vert du også betre i stand

til å møte og forstå dei du ikkje har felles

språk med. Du betrar evna til å setje deg

Marie Takvam

What? Prene kvafornoko?

Teikning: Kjartan Helleve

inn i andre sin situasjon, evna til ikkje alltid

å vere deg sjølv god nok.

Og i desse «Hjernevask»-tider er det

verdt å merke seg kor viktig språklæring

er for kognitiv utvikling, for best mogeleg

bruk og utvikling av hjernen. Forenkla kan

ein seie at læring av fl eire språk gjev fl eire

«kontaktar» i hjernen, og betre utvikla

hjernekapasitet.

FLEIRSPRÅKSKUNNSKAP PÅVERKAR handelsbalanse

og nasjonalprodukt. For språk er

også marknadsmakt og marknadsevner.

Di større fl eirspråkskunnskap i Noreg, di

større potensiale har norsk næringsliv.

På område etter område er det altså klart

at fl eirspråkkunnskap har ein eigenverdi

ein ikkje kan nå på annan måte. Likevel

vert møtet med eit nytt språk heller sett på

som ei byrde enn eit høve. Dette kjenner

vi att i sidemålssynet mange i Noreg har.

Hadde verdsetjing av fl eirspråkskunnskap

vore utbreidd i Noreg, så hadde ein òg hatt

ei meir positiv haldning til å lære både

nynorsk og bokmål. Dagens sidemålsnegativisme

er grunna i språkleg trongsyn.

I NOREG ER VI HELDIGE, som kan lære to

skriftspråk i tidleg alder. Den spesielle

språksituasjonen i landet er ein styrke.

Om vi berre klarar å sjå forbi sneversynet

slik at vi fattar verdien. Europarådet sin

rapport om språklæring i Noreg oppsummerer

det slik:

«there exists in Norway a rich potential

for the development of policies which promote

plurilingualism in individuals because,

although they are largely not aware

of it and value it little, Norwegians are

plurilingual already.»

Valet mellom einfald og fl eirspråk bør

vere enkelt.

NORSK TIDEND NR. 2 – 2010

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!