16.07.2013 Views

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

20

i bokevja

ved Hilde Myklebust,

skrivande småbrukar

Det greip meg

så sinnsjukt

«Det som er så fi nt med diktsamlingar», seier folk,

«det er at ein ikkje treng lese alt i eitt. Ein kan lese

eitt dikt, legge frå seg boka, plukke ho opp på eit

seinare tidspunkt og lese eitt dikt til.» Har eg høyrt

folk seie. Det har sikkert hendt at eg har sagt det

sjølv også. Men kva i alle dagar skal det tyde? Tyder

det at ein ikkje kan verte hekta på ei diktsamling?

At ein ikkje kan få eit slikt kriblande renn av lyst og

nyfi kne, at ein berre må lese meir? At ingen diktsamlingar

er «pageturners»? For det er jo berre tull!

Den siste diktsamlinga til Knut Ødegård, Det blomstra

så sinnsjukt, gjorde meg fullstendig hekta. Eg

kunne ikkje vorte meir hekta om eg las ein engelsk

krim i påskefj ellet (truleg mindre)! Med sine nærare

hundre sider og tidvis kompakte tekstblokkar,

er dette ei diktsamling det tek ei stund å lese,

men frå perm til perm gjekk det. Denne sugande,

lokkande kjensla ho gav, var ikkje til å ta feil av:

eg kunne ikkje legge ho frå meg. Eg måtte vidare.

Meir. Meir. Kva no? Kva kjem etterpå? Desse linjene,

kvar ber dei hen? Kvar skal vi, Knut, kvar tek

du meg med?

For denne samlinga er så interessant. Så frykteleg

interessant og så gripande på same tid. Denne diktsamlinga

er ein fl aum av ord, ei elv av inntrykk, ho

brusar av ei overfl od av episk poesi som dreg meg

som lesar med, heile vegen fram: Eg kom til å tenkje

på då eg var i Laos. Vi tok bussen langt oppover

i dalen, sette oss på elva i store dekkslangar og

fl aut i timevis nedover mot Vang Vieng. Ein jamn

straum, over alt langs breidda stod bambus, han

såg så mjuk ut, til å søkke inn i. Og små hus på pålar,

brått ein liten serveringsstad oppe i skråninga,

menneske som strekte bambustroder ut mot oss,

så vi kunne gripe fatt, gå i land, ta ei øl, fl yte vidare.

Og vere heilt tilstades. Heilt open, vaken, påverkeleg

for alt. Alt!

Så tek han også attende ordet sinnsjukt. Eit ord som det

har gått betydeleg infl asjon i siste åra, brukt i hytt

og pine. Men her, i denne samlinga, vert ordet ein

tilstand. Ei sanning. Eit ord med tyngd og kraft. Det

blomstra så sinnsjukt. Ja. Det er ein tilstand, det.

Når siste dikt ebbar ut, tenkjer eg at eg har vore med på

ein slags eksplosjon. Av fargar og blomar og menneskesinnstilstandar.

I dei forskjellige delane av

boka blomstrar det frå så ulike stader i livet, i verda.

Det er noko plastisk med denne samlinga, Ødegård

rører seg så lett i tid og rom, og det kjennest så lett

å henge med på reisa. Frå det biografi ske, til det

som gjer at ein diktar vert kalla nettopp diktar: det

oppdikta. Frå ein moped i Romsdalen, til Karasjok,

til ein tidleg morgon i Oslo i 1942, til ei psykiatrisk

avdeling ein eller annan stad i landet. Og det siste

er så framifrå godt skildra: Eit unikt innblikk i

korleis det er å vere psykotisk, vere fylt av angst,

schizofreni og psykisk sjukdom kan ein lese mykje

om i lærebøker, men tru meg: det er poesien som er

tilstades, og ingen annan stad kan ein kome nærare:

– Pappa, kviskrar ho i tlf. i dag, – eg høyrer

Alle stemmene i verda, oppfattar all lyd.

Det er nokon som høyrer i meg,

pappa, det er ein pust

Ein vind i meg som vil at eg skal fl y.

TRE KVINNER: Aslaug Vaa, Aslaug Låstad Lygre og Halldis Moren Vesaas er dei tre kvinnelege lyrikarane

som har fått plass i boka Nynorsk lyrikk, 25 diktarar – 220 dikt.

Solid antologi over nynorsk lyrikk

Ivar Aasen (1813–1896) verkeleggjorde

ein draum han bar på: å

skape eit norsk skriftspråk. Og utan

hans epokegjerande innsats er det

lite truleg at me i dag hadde hatt

vår rike nynorske lyrikkskatt. Så

me har mykje å takke Aasen for, og

i ein ny antologi dreg Henrik Skorven

dei lyriske arvtakarane hans

fram i ljoset, i eit utval som strekkjer

seg nettopp frå Ivar Aasen til

Halvor J. Sandsdalen – berre for å

ta det kronologisk. I mangt og mykje

skriv boka seg inn i tradisjonen

etter klassikaren «Nynorsk lyrikk –

frå Ivar Aasen til Tor Jonsson, som

fyrst kom ut i 1962, redigert av Johs.

A. Dale, Bjarte Birkeland, Erling Nielsen

og Halldis Moren Vesaas.

Skorven held seg til den fastlagde

kanon, og det er ikkje teke med lyrikarar

som debuterte etter 1950.

Med ei slik avgrensing vert då også

den lyriske modernismen stemoderleg

handsama, sjølv om diktarar

som Kristofer Uppdal, Tarjej Vesaas

og Olav H. Hauge naturleg nok er

komne med. Så ein bør nok leite andre

stader om ein ønskjer seg meir

oppdaterte utsyn over den seinaste

nynorske lyrikken.

Utgangspunktet til Skorven har

derimot vore eit ønske om «å få

oversyn over utviklinga av landsmål/nynorsk

frå Aasen si tid og

fram til seinare diktarar», som

det heiter i føreordet. Og eit slikt

Samfunnshorisont, kva er det? Vidsyn

på samfunnet? Eit samfunn på

denne sida av horisonten? Eller eitt

på den andre sida? Vi kan visseleg

sjå eitt samfunn på denne sida og

eitt på den andre. Samfunnet på

denne sida av horisonten kjenner

vi, der lever vi i dag, det på den andre

sida kjenner vi ikkje, men der

må våre etterkomarar leva anten

dei vil eller ei! I målsak som i andre

viktige kultursaker lyt vi rekna med

to samfunn, eitt på kvar side av horisonten,

det eine kan vi måla med

vår farge, det andre rår vi ikkje med.

Korleis bør vi måla? Vakkert sjølvsagt!

Vakkert for kven? For oss! Vår

farge jamt utover heile samfunnet? Eller

fl ekking der fargen fester seg best?

Fargen må vera ekte og slitesterk, må

ikkje tvettast av ved neste regnskur.

Ein slik farge har vi, men kven likar

denne fargen? Dei som kjenner han!

Med andre ord, vår føreloge er å gjera

fargen ålkjend! Korleis? Halda fram

eitt og eitt ord, det kan folk svelgja!

Henrik Skorven (red.)

Nynorsk Lyrikk,

25 diktarar – 220 dikt

Selja Forlag, 2009

lyrikk

«oversyn» sit lesaren verkeleg att

med etter å ha lese seg gjennom dei

poetiske landskapa til kvar av lyrikarane

i denne boka. Forvitneleg er

òg valet som er gjort med å prente

dikta i deira opphavlege skriftform.

Difor er det òg eit lerret med norsk

språksoge som her vert rulla ut.

Det er ei vidfemnande bok, på

340 sider og med rom for 25 diktarar

og 220 dikt. Skorven har gått

grundig til verks; kvar diktar har fått

følgje av ein biografi sk introduksjon,

noko som er til stor nytte for tileigninga

av deira respektive diktarverd.

Ein særs fi n bokbunad har det òg

vorte, og skrifttypane er prenta med

grøn farge, noko som verkar som

eit originalt påfunn. Elles er utvalet

tradisjonelt nok. Dei kjende og kjære

dikta kjem på rad og rekkje, mellom

Held vi fram heile morsmålet dånar

dei, masar vi om den eine eller andre

rettskriving freser dei, men om dei

berre møter eitt ukjent ord skjemmest

dei litt av si eiga fåkunne og tek

i mot, rett nok løyner dei skamma

godt. Denne skamkjensle, som få

har lagt merke til, er ein god lærar,

ingen vil vera fåkunnig, dei lærer seg

motvillig det nye ordet og diltar stilt

og skamfullt av stad med rova mellom

bakbeina. Slik er vi! «Går til sin

gjerning de norske menn, viljeløst vaklende,

vet ei hvorhen.»

Som einsleg liten målmann kjenner

ein seg stundom opprådd andsynes

storsamfunnet, men vi har eit

våpen som dei fl este andre vantar,

eller for å seia det meir fredeleg,

vi har ei gogn som dei fl este andre

vantar, og denne gogn er kunnskap.

Svært få av vår åndselite kjenner or-

anna sjølvsagt klassikarane «Gamle

Grendi», «Ved Rundarne», «Mot soleglad»,

«No reiser kvelden seg» og

«Til eit Astrup-bilete». Noko meir

overraskande er det at eit kjend og

kanonisert dikt som Kristofer Uppdals

«Isberget» ikkje er kome med.

Men elles verkar utvalet solid,

og vekkjer trongen til å leite fram

originalsamlingane, og freiste å

lese forfattarskapane i full breidd.

Denne meldaren vart særleg nyfi -

ken på Henrik Rytter (1877-1950);

han er ein lyrikar som eg har lyst

til å studere nærare. Berre lytt til

desse vedunderlege versa frå diktet

«Skoggang»:

Eg vima kring i store stille skogar,

og anda kvåegjem og briskedåm;

ein solvarm vind i bar og bladheng

sjoga,

og myrsig mulla, late åer svåm;

det fl imra kingelvev mot kinn og

hender,

og sola vov i skuggen gylte render.

Lyrikkantologiens styrke er mellom

anna at han held tradisjonen i

age, samstundes som han òg ideelt

sett skal gje rom for dei mindre

kjende lyriske perlene. Ein kan ikkje

seie anna enn at «Nynorsk lyrikk»

oppfyller desse krava i høg grad.

Det er ei vakker bok, som ein kan

leve i lag med, og verte glad i.

Kjetil Berthelsen

Målsak under brei samfunnshorisont

innlegg

det gogn, for dei mest vakne kan eg

vitra at ein kan gjera både gagn og

ugagn med ei gogn.

Våre domstolar «gjør vitterlig».

Dei vitrar at nå skal du til pers anten

du vil eller ei! Eg vonar at du, kjære

lesar, aldri får ei slik vitring, men ordet

kan du godt læra deg! Det kjem

ei og anna vitring frå Brussel og dei

må vi akta på anten vi vil eller ei! Det

kan vera litt ukringt med alle desse

ukjende ord, men vi får det heller

ikkje kringt den dagen vi berre

kjenner dei mest vanlege ord! Skal

vi overleva som kulturnasjon må vi

læra ord, først og fremst våre eigne!

Det er for lite med engelsk!

Som sagt, andsynes storsamfunnet

er vi små, ein gong var vi så

små og arme at vi måtte liggja andføttes,

for sengene var også små. Nå

har vi brent sengehalmen og lagt

oss i eit mjukare bol, så mjukt at vi

forsøv oss! Vonom vaknar vi tidsnok

til å berga våre beste ord.

Torgils Vågslid

NORSK TIDEND NR. 2 – 2010

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!