16.07.2013 Views

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Ein nynorsk

klassikar

I 2010 er det 40 år sidan læreboka

Filosofi historie kom ut for første gong.

Gunnar Skirbekk si bok ligg no føre

på 14 språk, frå kinesisk og usbekisk

til islandsk og fransk.

Rundt rekna er boka seld i vel

150 000 eksemplar, om lag halvparten

i utlandet og den andre halvparten

her heime, om lag tre fi redelar på nynorsk

og ein fi redel på bokmål. Opphavleg

var boka skriven for studentar

ved universitetet i Bergen. Etter kvart

vart ho teken i bruk av andre ved andre

lærestader her i landet. Men boka

vart også teken i bruk ved danske

universitet. Den nynorske versjonen

av boka fi gurerte ikkje berre på danske

lesesalar, men også i utstillingsvindauget

for Paludan boghandel i

Fiolstrædet – det vil seie, inntil dansk

Gyldendal fann ut at det var pengar å

tene og fekk boka omsett: I 1995 kom

boka på dansk på Gyldendal dansk

forlag. I forordet skriv den danske

omsetjaren at han har «bestræbt» seg

«på at bevare originalens ligefremme

og letlæste sproglige form».

I 1996 vart boka omsett til bokmål.

Knut Lie ved Bergenskontoret

for

Universitetsforlaget

var redd for

at ei omsetjing til

dansk ville føre til

at norske studentar

(særleg i Oslo)

ville kjøpe boka

på dansk og ikkje

på nynorsk. Så når boka låg føre på

dansk, var det ingen veg tilbake. Etter

26 år kom boka også på bokmål.

I dag ligg boka føre på 14 språk,

t.d. kinesisk, russisk, usbekisk, tadsjikisk,

persisk og tyrkisk – såleis følgjer

ho silkevegen frå Xian over Samarkand

til Bosporos.

Nils Gilje møtte læreboka som

student, men frå 1987 har han vori

medforfattar. Den siste norske utgåva,

frå 2007, har utvida medarbeidargruppa

med Anne Granberg, Cathrine

Holst og Rasmus Slaattelid.

Dette er ei fi losofi bok som har

overlevd i 40 år, frå 1970 til 2010, skriven

på eit språk som den kompakte

elite i si tid – frå Johan Storm og

Sofus Bugge til Bjørnson og Ibsen –

såg på som ubrukeleg til nyansert og

abstrakt tenking. Og boka er omsett

og utgitt i mange land i konkurranse

med andre bøker av same slag, slik

som Tyskland og Frankrike, som sjølve

er storprodusentar av fi losofi historier.

Dette er, samla sett, ei gladmelding

for nynorsk som bruksspråk.

Fornærmar kundane

Norske føretak taper millionar på dårlege

språkkunnskapar. I 2007 undersøkte

Glenn Ole Hellekjær ved Universitetet

i Oslo språkkunnskapane

i 664 føretak. På grunn av sviktande

engelskkunnskapar hadde

● nesten 30 prosent vegra seg for å

oppsøkja marknader

● 40 prosent ikkje klart å konversera i

sosiale samanhengar

● 55 prosent fornærma kundane.

● 45 prosent fått feilleveransar

● nesten 40 prosent tapt kontraktar.

(Fedrelandsvennen)

i nynorskens skog

DET STØRSTE GLEDA EIN KAN HA: Prosjektleiar Einar

Schibevaag (t.v.), Sissel Karlsen frå Sparebankstiftelsen DnB

NOR og Roald Bergsaker, leiar for rådet ved Nasjonalt Garborgsenter.

Foto: Judith S Litlehamar / Nasjonalt Garborgsenter

Tre nye millionar

til Garborgsenteret

I mars fekk Garborgsenteret 1,5 millionar

både frå Stiftelsen Fritt Ord og

Sparebankstiftelsen.

Før jol vart det kjent at Staten gjekk inn med sju millionar

kroner, og tidlegare har Time Sparebank løyvd

to millionar kroner. Det betyr at senteret er tett på å

fi nansiera utstillinga som skal kosta om lag femten

millionar kroner.

– Me må tilpassa utstillinga dei inntektene me har,

seier styreleiar Arne Norheim i Jærmuseet til Jærbladet.

– Me har dialog med mellom anna SR Bank og

fl eire andre sponsorar, men dette er ikkje avklara.

Sparebankstiftelsen DnB NOR gjev sjeldan gåver

til kommunale og statlege bygg, men avdelingssjef

Sissel Karlsen seier dei har gjort eit unnatak.

– At Garborgsenteret legg opp til å engasjera ungdom,

vart utslagsgjevande for oss. Pengane skal gå til

det interaktive medierommet som kan brukast av folk

som er i senteret, men også av folk som ikkje er fysisk

til stades. Målet er å skapa samfunnsengasjement for

ungdom, det er eit godt formål å støtta, sa Karlsen på

pressekonferansen i fylgje avisa.

Fritt Ord har også tidlegare løyvd 200 000 til forprosjektfasen

til Garborgsenteret.

KJARTAN HELLEVE

kjartan.helleve@nm.no

Sitata for Garborgsenteret klare

Jærbladet har hatt ei røysting over kva Garborgsitat som

skal pryde fasaden på det nye senteret. Resultatlista vart

som fylgjer:

◆ 1. Ein kan kjøpa seg lærdom, men ikkje vit.

(540 røyster) Frå stykket «Um pengar», som stod i Lesebok

for folkeskulen i 1915

◆ 2. Sanningi er sterk, og ho vil vinna.

(536 røyster) Frå Fedraheimen 29. mai 1880

◆ 3. Former let seg herma, men ikkje ånd.

(449 røyster) Sitatet er henta frå

«Dikting og politik» i tekstsamlinga

Politik : bladinnlegg fraa 1870-aari til Riksretten

◆ 4. Alt menneskeverk rotnar. Eller rustar.

Eller ramlar.

(422 røyster) Frå dagbøkene til Arne Garborg

◆ 5. Me byggjer det gode i oss når me gjer det

gode ikring oss.

(378 røyster) Frå Den burtkomne

faderen i 1899-utgåva.

◆ 6. Kanskje er ungdoms galskap til slutt

den største visdom.

(268 røyster) Frå Bondestudentar

Strøymer til

samtidskunsten

I fj or vart det på ny sett publikumsrekord

i Bergen Kunsthalls ærverdige

lokaler ved Lille Lungegårdsvann, og

direktør Solveig Øvstebø kan konstatere

at publikum strøymer til samtidskunsten

som aldri før.

Frå 25 000 besøkande i 2003 til 66

805 i 2009 innom dørene i Rasmus

Meyers allé 5. Dette er det største besøkstallet

notert for Bergen Kunsthall i

nyare tid. Blant utstillingane som trekte

eit stort publikum, er Leonard Rickhards

kritikarroste Festspillutstilling

Stort lyft for norsk terminologi

Standard Noreg har fått 1,9 millionar

kroner frå Kulturdepartementet til eit

prosjekt som m.a. skal utvikle nynorsk

terminologi på ei rekkje fagområde.

Terminologien skal kome frå nasjonalt

standardiseringsarbeid, og skal fi nnast

både på bokmål og nynorsk i ein

termbase som skal vere tilgjengeleg

på Internett. Prosjektet vart sett i gang

siste kvartal 2009 og skal etter planen

MÅLPRIS: Rita Eriksen Foto: Mona Nordøy

Målpris til Eriksen og Smith

Rogaland Mållag har gjeve

målprisar til songaren

Rita Eriksen frå Sola og

forfattaren Nils Henrik

Smith frå Bryne.

Rita Eriksen er fødd og oppvaksen

på Tjora i Sola. Hausten 2008 feira

ho 20-årsjubileum som artist og

gav ut soloalbumet Hjerteslag,

som selde til gull på kort tid. I hennar

fyrste artistkarriere gjekk det

mykje på engelsk. Ho hadde også

eit nært samarbeid med bror sin

Frank Eriksen i desse åra.

– Rogaland Mållag vil med

denne prisen framheve det som er

viktig for oss, nemleg at Eriksen

forlét engelsk til fordel for norsk

språk og nynorsk. Det er heilt fantastisk.

Som oftast går det i motsett

retning, jamfør drøftingane

som går om målbyte og tapande

front for nynorsk språk i Rogaland.

Soladialekten og rogalandsmålet

vart for deg ein framifrå måte å

formidle bodskap på, sa Kirsten

Tegle Bryne, leiar i Rogaland Mållag

under utdelinga.

Den andre prisvinnaren er forfattaren

Nils Henrik Smith, som

Leonard Rickhard

i mai og utstillinga med den skotske

kunstnaren David Shrigley i februar.

(Pressemelding. På nynorsk!)

avsluttast innan utgangen av 2010.

Prosjektet representerer eit stort lyft for

norsk terminologi. For nynorsk inneber

det òg ei språkleg domeneerobring

fordi det no vil bli gjeve ut fl eire norske

standardar i den målforma, og fordi

termane òg vil kunne søkjast etter på

nynorsk i den nye termbasen.

(Språkrådet)

kjem frå Bryne og er busett i Bergen.

Han har tidlegare mellom anna

gått på Skrivekunstakademiet i

Hordaland, og har gjeve ut to romanar.

For Manhattan skyline fekk han

Tarjei Vesaas debutantpris 2007.

– For nynorsken som skjønnlitterært

språk er det viktig å fi nnast

i ulike stilar og i ulike sjangrar. Nynorsk

er vakkert i poesi. Nynorsk

er funksjonelt til kvardags. Nynorsk

er tøft i Manhattan Skyline

og Austerrike. Nils Henrik Smith

får Målprisen 2009 for sin tøff e og

moderne nynorsk, sa Tegle Bryne.

(Pressemelding)

MÅLPRIS: Nils Henrik Smith

Foto: Ingeborg Skrudland

Dobbelt? Får du dobbelt opp av Norsk Tidend, kan det kome av at du er medlem av både Mållaget og NMU. Send e-post til nmu@nynorsk.no om du meiner det greier seg med eitt eksemplar.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!