16.07.2013 Views

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

nmu

Maria Svendsen

Dei viktige

lærarane

Me har alle opplevd mange typar lærarar.

Gode lærarar, dårlege lærarar,

haldningsskapande lærarar, og

lærarar som har spelt ei viktig rolle

i liva våre. Undersøkingar på Lektorprogrammet

ved Universitetet i

Oslo (UiO), syner at det er éin ting

mest alle lærarstudentane har til

felles, og det er opplevinga av ein

spesielt fl ink lærar. Det er den læraren

dei vil verta.

Læraren har ei spesiell og fl eirfaldig

rolle. Det er ein person som

skal læra oss grunnleggjande evner

i skulefaga, men han er òg ein vaksen

rollemodell. For mange er læraren

den einaste vaksne personen

utanom foreldra som dei føler tillit

til. Det seier seg sjølv at her ligg det

eit stort ansvar i læraren. Han påverkar

kva val elevane tek, og kva

val dei vil ta seinare i livet. Han kan

skapa og øydeleggja haldningar, og

han kan vera med å forma meiningar.

Eg er glad eg hadde ein norsklærar som

var positiv til nynorsk, og som

klarte å læra vekk faget på ein god

måte, før eg møtte på lærarar med

«dette må me berre gjennom»innstillinga,

som diverre er altfor

vanleg i norsk skule. Hadde det

vore motsett, ville eg truleg ikkje

engasjert meg for nynorsken.

Eg lurer på kva som skjedde

med lærarane. Dei er ikkje slik dei

ein gong var. No vert dei masseproduserte

ved universitet og høgskular,

utan særleg fagleg tyngd,

og i alle fall utan god språkkompetanse.

Lærestadene seier at dei som

ikkje skal undervisa i norsk, heller

ikkje treng kunnskapar i norsk.

Dei skal læra vekk faga sine, ikkje

norsk.

På lektorstudia ved universiteta har

mange av førelesarane store problem

med å fi nna norske ord for

det dei vil formidla. Dei nyttar

peiking, gestikulering og engelske

faguttrykk i staden. Men i fylgje

lærestadene treng vel ikkje dei heller

norskkunnskapar, for dei skal

berre undervisa faga sine, ikkje i

norsk. Slik genererer me lærarar

med lågare og lågare kompetanse i

norsk fagspråk.

Mållaget har alltid vore dominert

av dyktige, språkinteresserte

lærarar. Det var lærarstudentar

som starta dei fyrste målungdomslaga,

og me har mange lærarar å

takka for at skulekrins etter skulekrins

valde nynorsk fram til krigen

sette ein stoppar for framgangen.

Eg lurer på korleis den gode læraren

vert skapt i 2010. Læraren er mykje

av lykelen til framtida for nynorsk,

og for norsk språk generelt. Slik

lærarutdaningane er no, får me ikkje

lærarar med tilstrekkeleg kompetanse

i norsk, og mange lærarar

slit med enkle omgrep innanfor

fagkretsen deira. Utdaningsinstitusjonane

må forstå at alle lærarar

underviser på norsk, jamvel om

ikkje dei er norsklærarar.

14

Ein ny generasjon lærarstudentar er på veg

Noko viktig manglar i den nye

forskrifta om rammeplan for

grunnskulelærarutdanningane

som vart vedteken 1. mars: Ei

grunnleggjande språkopplæring

for alle.

Hausten 2010 må den gamle

allmennlærarutdanninga vike

plass for ei ny grunnskulelærarutdanning.

Hovudskilnaden er

ei todeling av utdanninga, slik

at lærarstudentane kan velje å

spesialisere seg på dei trinna dei

skal undervise på, anten 1.–7.

trinn eller 5.–10. Etter Kunnskapsdepartementet

skal dette gje stu-

dentane eit styrkt pedagogisk og

fagleg grunnlag. Vel studentane

å spesialisere seg på 5.–10. trinn,

er ikkje norsk eit obligatorisk fag

om ikkje ein skal verte norsklærar.

Ein student kan altså verte

ferdig uteksaminert lærar utan

å få noka som helst opplæring

eller få kunnskapane sine prøvde

i norsk. Einaste kravet er ein 3-ar i

norsk frå vidaregåande.

– Lærarar må ha ein viss

språkleg kompetanse, ikkje berre

til å undervise i norsk, men òg

på norsk, seier Synnøve Skjong,

fyrsteamanuensis på Høgskulen i

HOVDEBYGDA

slår til igjen

«Klypa» er mellom dei aller

største norske humorsuksessane

på YouTube. Opphavet

til alle rollene i dette originale

universet heiter Th omas

Nedrelid Ryste, og kjem frå

Hovdebygda i Ørsta. Sambygdingen

Runar Gudnason

har ringt til han.

– Ka du sæi, farr?

– Jaudå, nædå ...

– Korleis kom Klypa ut av Ørsta?

– Det var no YouTube, det. For tre år

sidan begynte me å leggje ut videoane

der, og no er det samla visningstalet på

over 2,5 millionar.

– Oj!

– Ja ... Det e nå ganske møkje.

Persongalleriet i Klypa er ikkje som

alle andre persongalleri: Palle, ein rånete

ungkar som sel heimebrent og tobakk frå

bagasjeromet, Strila-Petter, ein eksentrisk

friluftsmann med tourettes syndrom,

og Kjell «Kjellen» Bigseth, ein svele-glad

bussjåfør med eit voldsomt temperament

og tilsvarande låg sjølvinnsikt.

Debut i Ungdomshuset

33-åringen frå Hovdebygda debuterte i

ung alder på scena på «Ervingen», som

ungdomshuset i heimbygda heiter. Her

har far hans vore ei av hovuddrivkreftene

for Hovderevyen i omtrent hundre

år. Seinare har Th omas butt nokre år i

Trondheim, der han både gjennomførte

sivilteneste som rekvisitør på Trøndelag

Teater, og studerte. Soleis fekk han bygda

på avstand lenge nok til å kunne ta ho på

kornet, men ikkje så lenge at han mista

språket. Det er min eigen teori. Han

snakkar mykje breiare enn det eg gjer,

som ikkje har butt heime på 19 år. Han

uttalar til dømes talet sju med stum t. Det

høyres ut som ei sjølvmotseiing, men det

er det langt i frå.

– Det begynte for ei s(t)ju år sidan,

då eg var heime på ein ferietur. På festar

dreiv eg ofte å herma etter lokale heltar,

og så var me nokre som fann ut at det

kunne vere løye å lage video av det. Me

lånte nøklane til den nedlagde kleklypefabrikken

i Hovdebygda, og begynte å fi lme

der. Me hadde ikkje manuskript, men

hadde no tenkt litt på ein raud tråd, seier

Nedrelid Ryste.

KLYPA FRÅ ØRSTA

◆ Karakterunivers skapt av Thomas

Nedrelid Ryste. Dei mest kjende

er Palle, Kjell «Kjellen» Bigset og

Strila-Petter.

◆ Har blitt sett meir enn 2,5 millionar

gonger på YouTube.

◆ Eigen DVD og show over heile landet,

inkludert i Oslo, Bergen og Trondheim.

Sveleoppskrifta

Allereie i denne fyrste videoen er det

Th omas som spelar alle rollene, men her

er alle med på éin gong, og snakkar med

kvarandre – eller forbi kvarandre – i ein

absurd samtale på ein ikkje frykteleg produktiv

fabrikk. YouTube fanst ikkje enno,

men videoen gjekk frå hand til hand, og

vart ein kultsuksess i det rurale undergrunnsmiljøet

i Ørsta og Volda. I 2005

ringde Th omas sin gamle ven Tor-Erik,

og ville ha han til å lage eit show på Rust

Club og Scene – heilt inne i Ørsta sentrum.

Th omas visste ikkje heilt kva han

sa ja til, men han sa no dét. Han tok fi -

gurane opp på scena, sette i hop eit band

som spelte mellom dei mange monologane,

og krydra med videosnuttar på lerret.

Dermed var Klypa fødd, ein moderne

form for revy – og forma har ikkje endra

seg sidan.

– Den oppskrifta må vere der. Elles

vert ikkje svela etandes. Men me lagar

nytt show kvart år. Me har brukt å ha

Ej vika'kje en millimeter, og folk sle

sej nå på knena. Th omas Nedrelid Ryste

premiere i februar, men på grunn av høg

etterspurnad, spelar me 5-års jubileumsshowet

frå i fj or enno.

Nytt show i september

Det sjette Klypashowet får premiere i

september. No har dei fj erna nokre av

videoane frå nettstaden, og i november

kom ein dvd med fi re timar med materiale.

Dvd-en har selt 9000 eksemplar, så

langt. Og Klypashowet turnerer heftig,

mest på Sunnmøre, men òg med hyppige

avstikkarar både nord- og sørover.

– Er det so at du har slutta i banken?

– Ja. Fyrst hadde eg eit års permisjon,

og så berre gav eg opp ... eg lever ut draumen!

Livet som profesjonell komikar har

Th omas drøymt om sidan han var ti år.

No er han i Bergen for å spele ein ny

runde med 2009-showet, og brakkene er

stinne igjen, kvar kveld. Eg lurer på om

det kun er strilar som kjem, eller om byfolket

òg forstår humoren – og om det er

mange som kjem fl eire gonger?

– Det er ut som ei god blanding. Og

nokre kjem kanskje meir enn éin gong. I

går kveld sat der ein sjåfør, som eg kallar

det, på fremste rad. Han sa det eg skulle

seie, før eg sa det sjølv. Det var skrekkeleg

travelt, men heldigvis somna han etter

kvart.

Figurane fi nst i alle miljø

– Eit spørsmål eg har fått før: Klypa,

Vassendgutane og Side Brok er tre fenomen

som har slått an nasjonalt, og alle

tre handlar – på forskjellige måtar – om

å skildre bygdekulturen på ein humoristisk

måte. Kvifor slår det an? Og kvifor

kjem alle frå Ørsta?

– Eg trur det er fordi det er folkelege

ting me held på med, og i Noreg bur om

lag 1 million i byane, resten bur på bygda.

Og fi gurane frå Klypa fi nst i alle miljø i

heile landet. Så folk kjenner seg igjen, eg

trur det er så enkelt.

– Men kvifor Ørsta? Er det her me fi nn

essensen av bygdekulturen? Er me ekstra

bygdete i Ørsta?

– Hehe ... Eg veit ikkje. Det er sikkert

mykje tilfeldig òg.

– De har til og med spelt i Oslo. Forstår

dei kva du seier der?

– Ja! Mange heime spør om eg ikkje

gjer om på dialekten litt når eg spelar i

Bergen og Oslo – om eg språkar slik at

folk skal forstå. Men ej vika’kje en millimeiter,

og folk sle sej nå på knena. Så dei

forstår tydelegvis kva eg snakkar om.

– Kva er det som er så svært med å stå

på scena og få folk til å le?

– Det er ein slags rus, og eg får ikkje

nok. Eg vert aldri lei av det. Og når det

sit over fi re hundre menneske i salen og

ler seg i hel av det eg seier heilt aleine på

NORSK TIDEND NR. 2 – 2010

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!