16.07.2013 Views

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

8

rapport

Inger Johanne Sæterbakk

Det er krise i det norske språket.

Krisa består av kolon bindestrek

parentes semikolon,

tidvis også ein o, eit kryss,

ei klamme og eit tretal. Det

seier tydelegvis meir enn

ein to, tre ord av typen: Eg

er glad, eg er trist, eg liker

deg, eg synst du er skikkeleg

søt og no prøver eg faktisk å

fl ørte meg deg. Osv.

Eg hatar smilefj es. Eg hatar det

såpass mykje at kjensla godt

kunne blitt oppsummert i

ein kolon, ein bindestrek og

ein parentes med opninga

mot høgre. Den negative

parentesen. Det fi nst så

mange ord for smil i det

norske språket. Andre optimistiske

ord er det også

mange av. Men venstreparentesen

har tatt fullstendig

over. Den positive parentesen.

Dessverre er det ikkje alltid like

lett å vere prinsippfast. Som

når ein sender ein sms til

ein nesten ukjend med ønske

om å oppnå kontakt. Av

den positive sorten. Type

venstreparentes. Og får ein

sms tilbake, som blir gjennomanalysert,

men funnen

positiv. På grunn av ein

kolon, ein bindestrek og

ein venstreparentes. I frykt

for at orda mine og smilet

mitt ikkje skal komme ut

gjennom telefonen min,

via mobilnettet og inn i

telefonen til den relativt

ukjende mottakaren, men

heller bli oppfatta som meir

høgreparentesorienterte

beskjedar, gjer eg det. Eg

avsluttar med ein kolon,

ein bindestrek og ein venstreparentes,

held meg for

auga, raudnar i skam, prøver

å grave meg ned i tide.

Tre minutt seinare tikkar

ein kolon, ein bindestrek og

ein venstreparentes inn i retur.

Lovande. Positivt. Til å

bli i venstreparenteshumør

av. På grensa til venstreparentes

med semikolon og

bindestrek.

Så langt har det altså gått.

Vi byggjer relasjonar på

grunnlag av ein kolon, ein

strek og ein parentes. Kva

eg synst om det? Det er kolon,

bindestrek og parentes

mot høgre. Eg vil ha orda

tilbake og fl ytte teikna dit

dei hører heime. Til mellomromma

mellom meiningane.

Og eg vil ha smila

tilbake dit dei hører heime.

Til ansiktet ditt og mitt.

Så veit du det. Stort smil til deg

frå meg. Punktum.

Fyrste offi sielle

på kvensk

Vêrvarslingstenesta yr.no vart

tilgjengeleg på kvensk frå 9.

mars. Frå før av fi nst sida på

bokmål, nynorsk og engelsk.

Frametter ynskjer yr.no å omsetja

sida til samisk.

– Vi vil at born i nynorskområde

skal bli

trygge i nynorsken så

tidleg som mogleg, og

at born som veks opp i

tradisjonelle bokmålsområde,

også møter

nynorsken tidleg i

bøker, seier Håvard B.

Øvregård, leiar i Noregs

Mållag.

Det er viktig at alle born vert

vande med at nynorsken er ein

del av språkmangfaldet i Noreg.

– I dag er det ikkje sjølvsagt

at ungane møter nynorsk i barnehagen.

Det bør det bli, smiler

Håvard B. Øvregård.

Landsomfattande

Saman med styret og heile organisasjonen

til Noregs Mållag, i

tillegg til mange gode medhjelparar,

vil han nå dette målet.

– Dei tilsette i barnehagen

kan leggje til rette for språkstimulering

ved å bruke bøker,

språkleikar og songar aktivt.

Dette treng slett ikkje å vere

berre på bokmål. Barn utviklar

kulturell toleranse når dei vaksne

barn

Gjennom ord blir

Barnehagekampanje for det nye tiåret

Håvard B. Øvregård Foto: Kjartan Hellevě

er modellar for toleranse, peikar

han på.

– Det er viktig for oss at dette

vert ein landsomfattande kampanje.

Vår erfaring er at det er

like viktig å framheve nynorsk i

barnehagane i bokmålsområde,

som i nynorskområde, seier Håvard

B. Øvregård.

Eit viktig poeng er at born vil

møte nynorsk i skulen. Når dei

då allereie kjenner nynorsk frå

barnehagen, vil overgangen til

å lære nynorsk på skulen verte

mykje lettare. Han legg vekt på at

lokale mållag i randsonene opp-

Utlysing av kull 13

15. april er søknadsfristen til kull

13 ved NRK Nynorsk Mediesenter.

– Vi reknar med at det kan

bli auka pågang av folk som har

oppdaga at NRK Nynorsk mediesenter

kan vere ein «snarveg» inn

i NRK, særleg etter at nynorskpraktikantane

fekk status som

KAMPANJEN

◆ «Gjennom ord blir verda stor»

– landsomfattande kampanje

for nynorsk i barnehagen

◆ Det er laga ei aksjonskokebok

som blir send ut til alle lokallag

◆ Det vert laga eige hefte med

tips om barnebøker

◆ Det vert laga materiell retta

mot foreldre og tilsette

◆ Det vert laga materiell retta mot

ungane

◆ Sjekk kampanjesidene hjå

www.nm.no

lever at når elevane skal byrje på

nynorskskulane, så har dei bak

seg fl eire år i barnehagen der

bokmålet dominerer. Dette er

sjølvsagt med på å undergrave

nynorsk som skulemål.

– Borna treng å bli trygge i

møtet med nynorsken. I dette

perspektivet er barnehagane

svært viktige både for nynorsken

og for det språklege mangfaldet,

seier Håvard B. Øvregård.

Godt motteke

I organisasjonen er det mange

som gler seg til å jobbe med barnehagekampanjen.

– Det har vore ei vinnarsak å

BARNEHAGEARBEID: Alle barnehagane i Strand fekk ti barnebøker på nynorsk av Strand Mållag. Her deler leiar

Knut Falk leseglede med Adam, Marie, Vilja og Linnea i Jørpeland Barnehage. Bak står pedagogisk leiar Siw Oaland.

Foto: Borghild Gudmestad/Strandbuen

interne søkjarar til stillingar i NRK

når dei er ferdige, seier Magni

Øvrebotten.

Slik har det vore sidan tilsettingsstoppen

vart innført i 2008,

og sjølv om han er oppheva, er

det vanskeleg å kome inn i NRK,

særleg for nyutdanna.

arbeide med språket i barnehagen.

Vi har laga fl eire kurs retta

mot barnehagetilsette på Nordmøre

og tykkjer at dette er veldig

meiningsfylt arbeid, seier Nils

Ulvund, som siste åra har vore

prosjektleiar på Nordmøre.

Målbruksplan

Språkstimulering er ei av dei viktigaste

oppgåvene for barnehagen.

Stortingsmelding 41, Kvalitet

i barnehagen (2008-2009)

framhevar at dette er ei grunnleggjande

oppgåve for barnehagane.

For Mållaget vert det viktig

å sikre at nynorsken vert ein del

av språkmiljøet og språkstimuleringa

i barnehagen.

– I tillegg til at det vert viktig

å ta direkte kontakt med barnehagane.

Men for å sikre ein

langsiktig eff ekt er det viktig å

sikre at kommunane og dei private

barnehagane er opptekne

av språkpolitikk i barnehagane,

seier Håvard B. Øvregård.

Fleire kommunar kan vedta

gode målbruksplanar, som også

handlar om barnehagane. Det

er viktig å styrkje medvitet om

språk hjå dei folkevalde og i administrasjonen.

Inspirert av samisk

Tidleg på 2000-talet starta No-

Mållause av

Strand Mållag gjorde

styrar i Jørpeland barnehage

mållaus då ho

fekk e-post om ei bokgåve

på ti barnebøker

til barnehagen.

(STRANDBUEN)– Det er ikkje

kvar dag folk ringjer og seier

at du skal få bøker, seier ei strålande

fornøgd Siv Sørbø i Jørpeland

barnehage. Alle dei elleve

barnehagane i Strand har fått ei

bokpakke på ti kvalitetsbøker på

nynorsk. I tillegg har barnehagen

også fått tre eksemplar av den

lokale boka «Eg rodde på spreng-

ifrå Hidle til Heng». Saman med

Samlaget har Strand Mållag

funne bøkene som har ein verdi

på 25 000 kroner.

NORSK TIDEND NR. 2 – 2010

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!