16.07.2013 Views

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-10 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

6

kleiva

Anna Kleiva

Då eg møtte

Anne (nakken din er mjuk

som eit hardkokt egg)

Klokka ni for nokre veker sidan gjekk eg mine

vanlege 250 meter frå heimen1 til heimen2.

Heimen2 er eit varmt, summande

bibliotek, dit eg går kvar vekedag for å lese

pensum. Heimen2 står spesielt høgt i kurs

fordi alle bøker pensumtekstene mine

refererer til, eller andre bøker eg no måtte

begynne å tenkje på, fi ns tilgjengeleg der.

Eg let meg distrahere av dette, eg tek gåturar

inn i dei heilt stille delane av biblioteket

kanskje annankvar dag; men det er ein fi n

type distraksjon, ein opplysande.

Denne dagen for nokre veker sidan i

heimen2, det var sikkert snø ute. Eg hadde

nokre pocketbøker og kompendium i

ryggsekken. Den eine pocketboka heitte

Transformations, og eg skulle lese henne

fordi forfattaren skriv om Lille Rødhette i

denne boka. Vi las om Lille Rødhette heile

den månaden.

Transformations møtte meg slik: forfattaren,

Anne Sexton, sitt blikk rett på meg frå bokomslaget.

Inni boka 17 dikt, med tilhøyrande

illustrasjonar, om kjende eventyrfi

gurar. Illustrasjonane gjorde meg svært,

svært skeptisk. Men Anne Sexton sitt blikk

låg der og stirte på meg. Og uansett var

boka på pensum, eg måtte lese.

Eg las og gjekk ingen turar til dei stille

delane av biblioteket. Eg las og streka under

med blyant. «Spikeren på hovudet!»

ville eg rope (men heldt fram med å streke

under i staden). Anne Sexton var fantastisk!

Og ho var det i kraft av metaforane og

similene sine. Dei slo mot meg frå boksida,

trefte meg i hovudet som kullsyre (eller

kanskje som alkohol). Eg har aldri lese så

sære samanlikningar før. Og likevel var dei

heilt presise, fekk meg til å tenkje «ja Anne,

akkurat slik er det». I tillegg var dei frekke;

morosame og forferdelege på same tid, litt

slik Sylvia Plath kunne vere (og jada, dei

tok begge livet av seg).

Anne Sexton skreiv at Snøkvit hadde «cheeks

as fragile as cigarette paper», og då ho fann

huset til dvergane, «those little hot-dogs»,

var det «droll as a honeymoon cottage».

Ho samanlikna ei veksande plante med

rørslene til dansaren Isadora Duncan.

Trollmannen si attrå etter Piken uten

hender: «He wanted to lap/her up like

strawberry preserve». Eventyra var ikkje

lenger idylliske. Anne Sexton stakk i dei,

men stakk ikkje hol på dei. Då turen kom

til Tornerose, var stikkinga gått over i skjering;

handlinga spann vidare til ein langt

dystrare slutt – både på eventyret og boka

Transformations. Tornerose «eats betrayal

like a slice of meat».

Framandgjering, skreiv Sjklovskij. Det kjende

blir skildra gjennom noko framandt, og slik

kan vi igjen sjå det kjende med nytt blikk.

Då eg las Anne Sexton sine framande

samanstillingar av ord, den snødagen i

heimen2, sat eg heile tida med kjensla av

gjenkjenning. Som om eg ein gong hadde

visst kva ein nakke skulle samanliknast

med, men sidan gløymt det. I så fall er eg

glad Anne minte meg på det.

«Your neck as smooth/as a hard-boiled egg».

Der språkoppl

Det er råd å arbeide med

ulike språk i barnehagen

utan å bli stressa. Den

samiske barnehagen i Oslo

er eit godt døme på det.

Det er pynta til fest i den samiske barnehagen

i Oslo. Det er Samefolkets dag

og samlingsrommet er fylt opp av ungar,

foreldre, tilsette, slekt, venner og andre

gjester. Samefolkets dag har blitt feira

sidan 1993, og i dag er heidersgjestene

fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister

Rigmor Aasrud og politisk rådgjevar

Torbjørn Blattman.

– Velkomen!

– Bures boahtin!

På ein stol står dagleg leiar Máre

Helander og ynskjer alle hjarteleg velkomne,

medan pedagogisk leiar Ida

Varsi omset det ho seier til samisk. Det

er velvalde ord med ynske om at barnehagen

skal vere ein oase i byen, og at

stadig fl eire skal kjenne til den samiske

kulturen i året som kjem.

Dei tek berre fyrste verset av «Samefolkets

song». Han er noko tung å syngje,

særleg for ungane. Ein barneversjon

er visst under utarbeiding.

Samisk versjon av «Let it be»

Så er det tid for kulturelle innslag. Elin

Kåven gjev oss ei oppvising i samisk magedans.

Ann Mari Andersen kjem inn og

set seg ned på golvet mellom ungane og

speler nokre eigne songar og nokre som

ungane kan. Det blir allsong av samiske

versjonar av både «Let it be», «Kven har

skapt alle fuglane?» og «Sjå min kjole».

På spørsmål om ho skal syngje den samiske

nasjonalsongen, svarar Helander

at me alt vore gjennom.

– Å, det var bra, seier Ann Mari. –

Den er jo litt seig.

Konserten hennar blir avbroten av

ministeren. Ho takkar for at ho fekk

kome, men no må ho snart gå. Ho tykkjer

det har vore eit fi nt avbrot frå å sitje

på kontoret. Eller konn-toret, som ho

seier. Som gåve frå regjeringa har ho

med seg ei stor pakke, som av alle ting er

ein Duplo-gard.

Etter avbrotet fell stemninga nokre

hakk, og fl eire av ungane slit med å

halde konsentrasjonen oppe. Difor blir

matpausen ynskt velkomen av mange.

Eiga Ahkku

Samisk barnehage, eller Cizáš sámi

mánáidgárdi/Samiske barnehagen Cižáš,

som han strengt teke heiter, ligg i Tøyenparken

i Oslo. Han er eit tilbod til ungar

med samisk bakgrunn, og målet er at dei

skal møte samisk kultur og språk, og bli

trygge på ein samisk identitet.

Han har rom for tretti ungar, har

ti tilsette og starta opp for 23 år

sidan.

– Det er ikkje berre lett å

leggje til rette for arbeidet vårt

når me ligg midt i Oslo, seier

Máre når eg vitjar barnehagen

nokre dagar seinare.

– Me får ingenting gratis.

Det er me tilsette som må gjere

ein innsats, i tillegg til ressurspersonar

som me hentar inn. Ester Grosman er ein

pensjonert sjukepleiar i frå Tana og ho er

vår fantastiske Ahkku (bestemor). Me

er den einaste barnehagen på landsbasis

som har eiga Ahkku, og det er me stolte

av. Ho er saman med oss éin dag kvar

veke, og er ein viktig kulturformidlar og

eit sterkt språkleg førebilete. Barnehagen

har òg samisk språkkurs til dei av foreldra

1

KVARDAG OG FEST: 1. Dagleg leiar Máre Helander deler ut bollar og saft til gjester under

markeringa av den internasjonale morsmålsdagen.

som ikkje kan samisk, der Frode Tveterås

er kurshaldar. Det er eit tilbod foreldra set

pris på.

Samiske snakkepakker

Máre fortel om korleis dei arbeider med

språk i barnehagen, om snakkepakka,

der dei har laga eigne samiske versjonar.

Dei har laga språkposar som inneheld

konkretar frå ulike samiske aktivitetar

Når måndag kjem, er

me berre ein barnehage

som alle andre.

som t.d. røykekjøtpose, sanke sennagraspose,

skinnhandsamingspose, eventyr-

og segnpose, duotjiiposar. I tillegg

har dei laga eit leikefj ernsyn der ungane

blir oppmuntra til å snakke samisk eller

å syngje, joike.

– For å utvikle språket legg me stor

vekt på å vere gode språklege modellar

ved å seie om att omgrep, setje ord på

ting i kvardagen og leike med språket.

Me prøver å gje rom for dei ulike samiske

dialektane, slik at borna blir kjende med

nyansane i språket. Me bruker mykje

song og musikk, noko som gjev glede og

motivasjon. Det er ein veldig god metode

å lære språk gjennom song. Borna

lærer orda nesten utan å oppdage det

sjølv! Me konkretiserer òg omgrep ved

å hengje opp bilete med stor tekst under.

Me bruker rim og reglar aktivt. Me les

ofte samiske bøker og lyttar

til høyrespel. Å lese og

dramatisere eventyr er ein

ypparleg måte å arbeide

med språkutvikling på,

seier Máre.

Kvardag

Eigentleg er eg komen for

å vere med på ei slik forteljarstund

i lavvoen, men

Máre dreg litt på det. Per Ivar Oskal ,

som er assistent i barnehagen, meiner at

dei må spare på veden til dagen etter. Då

er det markering av den internasjonale

morsmålsdagen, og barnehagen skal

setje opp lavvoen utanfor biblioteket på

Grünerløkka og dele ut saft og bollar.

I staden blir eg med Per Ivar Oskal

inn i den nye gammen som vart sett opp

i haust. Han er originalteikna og prak-

Per Ivar Oskal

NORSK TIDEND NR. 2 – 2010

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!