26.07.2013 Views

VIL RUSTE OPP FOR - Studvest

VIL RUSTE OPP FOR - Studvest

VIL RUSTE OPP FOR - Studvest

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

12

NYTT BEITE. Årleg skaffar Dyrebeskyttelsen Bergen ein ny heim til 350

kattar i året. Her er tidlegare kattefostermor Sally Dickersen vitne til at

ein ny stolt katteeigar tek med seg sitt vesle nøste heim.

Vi er fem små kattungar på berre tre veker

som er fødd ute. Mamma er ein «villkatt» og

bur ved eit bossgjenvinningsanlegg saman

med andre villkattar. Ein arbeidsmann oppdaga

oss like før eit nytt lass med boss skulle

dumpast rett oppå oss. Arbeidsmannen ringte

til Dyrebeskyttelsen Bergen og vi vart henta

av ein snill mann i ein stor, raud bil med kvite

potar på.

SOM STUDENTAR, manglar mange kattar tak

over hovudet. Eigaren har ikkje tatt seg råd

til sterilisering eller kastrering. Kullet vart for

stort. Ingen ville passe katten. Ungane vart lei.

Ansvaret med kos, omsorg og mating vart for

mykje. Resultatet: Nok ein heimlaus katt.

Saman med organisasjonar som

Katteformidlingen i Vest, Kattens Vern og Hus

for pus, omplasserer Dyrebeskyttelsen Bergen

truleg rundt tusen kattar årleg. Sistnemnde

omplasserer åleine 350 kattar kvart år.

– No har vi 41 kattar, men det hender vi

har oppimot 60, forklarar David Pooley ved

Dyrebeskyttelsen Bergen, og held fram:

– Vi opererer med ventelister. Folk ringjer

inn meldingar kvar dag. Vi må rett og slett prioritere

dei mest kritiske tilfellene. I mellomtida

må nokre av kattane bu i fosterheim.

Forteljingane til dei heimlause kattane er

langt i frå rosenraude. Vi vert fortald om kattekullet

som vart plassert på Sotrabrua. Om kattemora

som vart skoten. Om pusen som vart

trumfa ned i ein samanknytt plastikkpose. Ein

av eigarane har Dyrebeskyttelsen Bergen henta

kattar frå fleire gongar.

– Mannen er alkoholikar. Når han er edru

kosar han med dei. Når han drikk, slår han dei.

Han er frådømd å ha katt på livstid – men får

stadig nye ved å svare på annonsar i avisa. I

heimen hans låg kattane strødd, fortel Pooley.

Dyrebeskyttelsen Bergen får ikkje noko

fast stønad til å drive organisasjonen. Berre

to av rundt førti har betalte stillingar. Alt

arbeid er basert på frivillige krefter.

– Politikarane veit det hadde vore ein forferdeleg

situasjon om vi hadde slutta på dagen.

Men dei veit at vi ikkje kjem til å gjere det. At

dei utnyttar dette irriterer meg, forklarar han.

Spesielt jusstudentane

tek turen nedom når

dei les om kveldane.

Dei kan sitte i timesvis

og klappe kattane, medan

dei les pensum.

David Pooley, Dyrebeskyttelsen Bergen

– Det statlege dyrevernet tek seg berre av

dyr med eigarar. Kjem dei over eigarlause dyr,

vert dei avlidne. I dyrevernet får dei tilsette betalt,

men eg trur ikkje dei jobbar ut i frå hjartet.

Det er mange snille damer her som steller oss,

men tidvis snakkar dei med kvarandre samstundes

som dei ser uroleg i vår retning. Dei

lurar på om vi kjem til å klare oss sidan vi er så

27. august 2008

STUDVEST

små. Dag to på senteret kjem det to nye pusejenter.

Dei bur i buret attmed, og vi høyrer at

dei òg saknar mor si når dei pip sårt.

MED BLÅ PLASTIKK rundt føtene for å hindre

smitte frå utsida, får utanforståande oppleve

innsida. Kvar dør har ei lita spritflaske

festa til seg. Hendene skal vere reine før fingrar

får nærkontakt med pels og mjuke potar.

«Kattehotellet» har gjestar som labbar rundt i

gangen, på dei ni romma eller på eit område

avgrensa med gitter. Alt etter korleis dei ter seg

og kor lenge dei har vore der.

– Når dei kjem inn får dei ein helsesjekk,

vert sterilisert, vaksinert og merka av ein dyrlege.

Etter to dagar i bur, slepp vi dei ut på golvet.

Etter kvart får dei større område å boltre

seg på, forklarar Pooley.

– Eigentleg er eg eit hundemenneske, men

her til lands har hundane det bra. Kattane er

meir overlatt til seg sjølve, seier han.

Truleg har du aldri lagt merke til dei, men

spreidd i sentrum er det 25-30 matstasjonar

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!