26.07.2013 Views

VIL RUSTE OPP FOR - Studvest

VIL RUSTE OPP FOR - Studvest

VIL RUSTE OPP FOR - Studvest

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

STUDVEST 27. august 2008

13

for villkattar. Utekattprosjektet har sidan 1996

vore løysinga for firbeinte som av ymse grunnar

er for ville til å vere i hus.

Blant høge bygningar nær Konsertpaleet,

og i eit smau nær Marken, finn vi to av basane.

– Eine morgonen fann eg ei rotte attmed

motorsykkelen min. Kattane sørgjer for å halde

byen rein, konstaterer ein fornøgd nabo i

Marken og peikar oss i retning av tre hus, tett i

tett.

Matstasjonane har eit fôringshus, samt eit

sovehus for kvar katt. Alle husa er isolerte og

utstyrt med eit varmeteppe på golvet.

– I starten hadde vi rundt 38 stasjonar, men

etterkvart som kattane døyr eller det ikkje lenger

er behov for husa, tek vi dei innatt. Vi merkar

at problemet med villkattar har vorte redusert,

seier Pooley.

Mange dagar går og vi et og drikk godt.

Damene som steller oss er veldig snille og vi

får lov til å liggje og sove i halsgropa deira. Vi

KATTEPASSAREN. – Eigentleg er eg eit hundemenneske, men her til

lands har hundane det bra. Kattane er meir overlatt til seg sjølve, seier

David Pooley.

FRIVILLIG. Susanne Roti Svartangen (24) vurderer å verte fôrvert ved

ein av dei mange matstasjonane for villkattar i byen. Hennar eigen

katt gjekk vekk for eit halvt år sidan.

får masse kos og dei sussar oss når vi dett overende.

INN MED TOMT BUR. Ut med kjæledyr. I prinsippet

enkelt, men alle slepp ikkje gjennom nålauget.

Er du student, bur i åttande etasje og

vurderer eit utvekslingsår, vil andre stå høgare

i kurs enn deg. Men der finst likevel eit alternativ.

Leikne kattungar treng kos og aktivitet.

For likesinna dyrevennar er døra hjå

Dyrebeskyttelsen Bergen open.

– Spesielt jusstudentane tek turen nedom når

dei les om kveldane. Dei kan sitte i timesvis

og klappe kattane, medan dei les pensum. Dei

fortel at dei då slappar betre av og lærer meir,

seier David.

Vi treff på Susanne Roti Svartangen (24)

på eit av katteromma. Dette er andre gong ho

vitjar senteret i Jekteviken.

– Eg var innom her før sommaren, fordi eg

vurderer å verte fôrvert ved ein av mat-stasjonane,

fortel ho.

– Sidan eg var fem år har eg hatt katt. I fjor

døydde den, men ettersom eg bur i kollektiv

og har planar om å reise på utveksling om eit

halvt år har det ikkje vore eit alternativ å få ny

katt.

Folk ringjer inn meldingar

kvar dag. Vi må

rett og slett prioritere

dei mest kritiske tilfellene.

David Pooley, Dyrebeskyttelsen Bergen

HJARTEKNUSART. «Min Kats Strygen mod min Kind udglatter alle

Hjertesaar» (Henrik Wergeland). Ein skal i alle fall ha eit hjarte av stein

om ein ikkje let seg sjarmere av desse store augo.

Ho set seg ned på huk og lokkar til seg ein

mørkhåra katt.

– No som eg veit om tilbodet, kan det

hende eg tek med meg bøkene for å lese her,

avsluttar ho.

Heime hjå Pooley, som i over sju år har jobba

for Dyrebeskyttelsen Bergen, skulle ein tru

det var reine dyrehagen. Innanfor veggane er

det likevel berre katten Hennesey som tassar

rundt.

– Katten har diabetes og må ha sprøyte

morgon og kveld – det er ikkje så mange andre

som vil ha han, seier han, med brillene hengande

under halsen.

– Ein som i utgangspunktet var villeg til

å ta til seg katten, let seg stogge av sprøyteskrekk.

Eg har vurdert å henge opp lappar på

Haukeland om at Hennesey treng ein heim.

Sjukepleiarar kunne kanskje vere interesserte?

Vekene har gått og vi veks oss store. Det har til

og med vore menneske her og sett på oss. Vi er

alle reserverte og kjem til å flytte i ny heim

snart. Men først skal vi vere med kattemor

Aileen ei stund til. Ho har gjort saknet etter

mamma litt mindre, men vi tenkjer jamvel på

vår eiga mor og lurer på korleis ho har det.

Helsing Silver og søstrene mine Jade, Perle og

Gullet. Pluss Inex og Tulip.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!