27.07.2013 Views

Lokalhistorisk magasin - Lokalhistorie.no

Lokalhistorisk magasin - Lokalhistorie.no

Lokalhistorisk magasin - Lokalhistorie.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

32

Lokalhistorisk magasin 2/08

Lokalhistorisk metode

Problemet

«den nyaste tids busetnadshistorie»

av arnfinn Kjelland

Først ei presisering: med «busetnadssoge»

meiner eg den tradisjonsrike lokalhistorie-/bygdeboksjangeren

«gards- og

ættesoge». Denne nemninga er etter

kvart blir såpass misvisande at eg og

andre lenge har argumentert for å erstatte

ho med noko meir dekkjande. Men innhaldet

er det same, enten ei relativt klar

todeling, eller ei samanveving av ei historisk

framstilling av ein bustad og folket

som har budd der. Resultatet er ofte

mange band sjølv for små kommunar.

Den vanlegaste måten å presentere dette

stoffet på i bygdebøker er eit lengre eller

kortare avsnitt med data og historikk

kring bustaden (garden, plassen, bustadhuset),

etterfølgt av ei opplisting av folket

som har budd på bustaden sidan han vart

etablert, ev. sidan kjeldematerialet

begynte å gje informasjon (første del av

1600-talet).

Bustaden (garden eller plassen) var i

eldre tid også livsgrunnlaget, men det er

noko som endra seg radikalt i siste del av

førre hundreåret. «Folket» på bustaden

har i bygdebøkene vanlegvis vore avgrensa

til brukarane og deira kjernefamilie,

generasjon etter generasjon fram til

eit tidspunkt – ofte utgjevartidspunktet.

Meir eller mindre gode og fullstendige

system for krysstilvisingar i bøkene gjer

det enklare eller vanskelegare å finne

slektssamband innanfor det området

bygdebokserien dekkjer.

Det ligg altså som oftast som ein føresetnad

at personinformasjonen skal

førast fram til «dags dato», dvs. så nært

opp til trykketidspunktet som praktisk

muleg. I dag kan det vere tre veker,

kanskje til og med kortare. Argumentet

for det er sjølvsagt at flest muleg av dei

som bur i kommunen i dag skal finne att

seg sjølve og si slekt i bøkene.

Mange har dei siste 30–40 åra spådd

at denne sjangeren vil døy ut med modernisering

og urbanisering, men det ser

ikkje ut til å slå til. Erfaringane eg har

gjort dei siste åra med fleire bygdebokseriar

eg har hatt ansvaret for (Lom, Sula

og Volda), gjer at eg likevel løfter dette

fram som eit problem.

Framstilling av eldre tids befolkningshistorie

(dvs. fram til først på 1900-talet)

har sjeldan ført med seg store problem,

fordi kjeldematerialet er avgrensa og alle

som har prøvd seg på litt slektsgransking

veit at «det er ikkje meir å finne» enn det

som har nedfelt seg i eit relativt oversiktleg

kjeldemateriale (kyrkjebøker, folketeljingar,

dødsbuskifte o.l.). Den som arbeider

med slikt opplever derfor det

paradoksale at «vanlege lesarar» kan bli

imponert over kva ein kan finne ut om

folk på 17- og 1800-talet, medan dei kan

bli skuffa over kor lite ein har funne og

kor mangelfullt og kanskje til og med

feilaktig stoffet kan vere om det same for

1900-talet, kanskje særleg siste delen.

Det kan vere fleire årsaker til dette.

Eg vil peike på tre:

– flyttemønster og endringar i

familiestrukturar,

– hendingar i «manns minne» i høve

eldre tid og

– kjeldegrunnlag: manglande samanhengande

seriar, stadig innkomande

oppdateringar.

Flyttemønster

I eldre tid (dvs. fram til først på 1900-talet)

har ein nokså avgrensa kjelder som kan

kaste lys over ein viktig del av det generelle

flyttemønsteret: dei innabygds flyttingane

(dvs. flyttingar innafor sokn/

prestegjeld). Nokre tilfeldig bevarte

heimstadprotokollar syner at slik flytting

kan ha vore omfattande.

Arbeid med innsamling av informa-

sjon som gjeld dei siste 20–50 åra har

synt at det i alle fall i denne perioden har

gått føre seg betydeleg kortdistanseflytting

rundt om i litt meir tettbygde

lokalsamfunn.

Informasjon til bygdebokprosjekt om

slik flytting får ein stort sett berre

gjennom husstandsskjema og andre

innspel frå bebuarane og informantar i

lokalsamfunna, etter som eit bygdebokprosjekt

i prinsippet (av personvernomsyn)

ikkje får tilgang til den meir nøyaktige

og fullstendige informasjonen som

finst i folkeregisteret. Eg har døme på

særs detaljert og tilfeldig innkome flytteinformasjon

og tilsvarande komplisert

flyttemønster i mine prosjekt.

Bustadstruktur og -definisjonar

Den grunnleggande eininga ein samlar

stoffet kring i bygdebøker innan denne

sjangeren, er bustaden. Opphavleg var

det relativt uproblematisk: det var i dei

klassiske «gards- og ættesoge»- bøkene

ein gard i tydinga eit gardsbruk. Etter

kvart som ei form for demokratisering

kom inn i bøkene, vart òg husmannsplassar

og nyare bustadhus definerte inn og

behandla. Med aukande flyttemønster,

etablering av einpersonshushald i raskt

aukande tempo, sterkare tettstadsutvikling

m.m. har to spørsmål blitt meir påtrengjande

i denne samanhengen: a) kva

skal eigentleg definerast som ein bustad

(og dermed få eiga overskrift i bygdeboka),

og b) korleis skal ein skaffe seg fullstendig

oversyn over bustadene i undersøkingsområdet

(kommunen)?

I 2000 vedtok Stortinget å sette i gang

det s.k. Bustadadresseprosjektet, og i etterkant

av folke- og bustadteljinga 2001

vart det nye bustadadresseregisteret

etablert. Det er no samkøyrt med det s.k.

GAB-registreret, der G står for grunnei-

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!