27.07.2013 Views

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

neringa, tok misjonen frå dei ungane deira. Svært mange rømte, med

eller utan barna sine. Arbeidskolonien var i drift til 1989.

Under 2. verdskrigen var steriliseringslova ei tid skjerpa, slik at ho

fekk rasehygienisk tyding, og vart retta spesielt mot taterar. Under krigen

arbeidde NS-regjeringa også med ei «endeleg løysing» på taterproblemet

etter mønster av «løysinga» på jødeproblemet. Denne planen

blei heldigvis ikkje sett ut i livet.

Det er sikkert vist at 125 personar av taterslekt - 109 kvinner og 16

menn - blei sterilisert med heimel i steriliseringslova av 1934 og folkeættlova

av 1942.Det var oftast sosiale og sosialmedisinske grunnar for

steriliseringa. Det å vere omstreifar, var god nok grunn til at ein kunne

bli tvangssterilisert. Forskaren Per Haave, som har laga rapporten om

tvangssterilisering, går også ut frå at over 230 taterkvinner kan ha blitt

sterilisert utanfor lova sine rammer, og han trur at meir enn 300 taterkvinner

kan ha blitt steriliserte frå 1930- til 1970-åra.

Statsminister Kjell Magne Bondevik har på vegne av staten bede om

orsaking for uretta: «Romanifolkets historie er ikke noe norske myndigheter

har grunn til å være stolt av. Den omhandler tvangssterilisering,

tvangsplassering av barn i fosterhjem og kriminalisering

av romanifolkets livsform. Politikken som har vært ført, har bidratt til

å undergrave romanifolkets levesett og kultur, og har ført til at mange

selv i dag ikke ønsker å vedkjenne seg sin identitet og kulturbakgrunn.

Norske myndigheter har ved flere anledninger de siste årene tatt et

moralsk opprør med tidligere tiders politikk overfor gruppen, og ba i

1998 offisielt om unnskyldning for de grove overgrep romanifolket ble

utsatt for.»

Truleg er det i Norge i dag omlag 5.000–10.000 personar med tateridentitet

, men tar ein med alle som er av taterslekt kan det gjerne vera

5 til 10 gonger så mange. Mange av taterætt har stått fram og fortalt om

eigne opplevingar, og mange skjebner er blitt avdekka. Musikarane

Åge Aleksandersen og Elias Akselsen, fakiren og songaren Einar

”Jucan” Olsen og boksaren ”Ole Lukkøye” er eksempel på kjendisar

av romaniætt.

Taterane har eit visst slektskap med sigøynerne, men i kva grad veit

ein lite om. Språka deira har felles opphav. Sigøynarane kan ha levd i

Vest-Asia og Aust-Europa i det Ottomanske imperiet inntil det gjekk i

10

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!