27.07.2013 Views

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Føreord

Glomdalsmuseet i Elverum opna i april 2006 ei taterutstilling. I samband

med dette fekk historielaget ein førespurnad om me kunne hjelpa

til med å samla inn opplysninger om taterar på Vestlandet. Det er skrive

mykje om taterar på Austlandet og Sørlandet, men ein veit lite om reisene

deira her vest.

Som gut trefte eg sjølv taterar i Odalen der besteforeldra mine budde.

Eg hugser godt ”Tater-Maria”, dotter til Stor-Johan, som kom for å

handla. Ho er omtala i ei boka ”Taterdronningen, Tater-Marie”. Når

me ungane taut, fekk me sjå brosja hennar som hang under eit par lag

med klede. Det var ei stor sølvbrosje og ho vog nok ein halv kilo. Det

var eventyr ved henne.

Eg tente på ideen om å samla inn materiale om taterar her vest, og eg

har funne meir enn eg hadde håpt på. Litt av dette kan du lesa om i

dette heftet. Det innsamla materialet vert sendt til Glomdalsmuseet.

Har du noko meir å leggja til, kan du kontakta meg. Og har nokon

gamalt handverksarbeid etter taterane, vil eg gjerne høyra om det.

Siste året mens eg har samla stoff, har eg hatt stor glede av å snakka

med mange både her i Samnanger og i nabokommunane om taterar.

Taterane har sjølve etterlate seg minimalt av skriftlege kjelder. Før

1900-talet var svært mange av dei var analfabetar. Den første som skreiv

om taterane var Eilert Sundt. Han starta eit systematisk arbeid for å

betra taterane sine vilkår. Dette arbeidet gjorde han ut frå ein filantropisk

ståstad, og Eilert Sundt ville nok berre det beste.

Han har etterlate seg eit stort verk om taterane på 1800-talet. Han

fekk gjennomført fire ”fanteteljingar”. Desse kan best samanliknast

med manntal. Han fekk også oppretta eit fond kalla Fantefondet. Det

skulle syta for å betra dei sosiale tilhøva for fantane, som han kalla

dei. Håpet hans var nok å få dei til å bli bufaste. Eilert Sundt er ei

verdfull kjelde til informasjon om taterslektene på 1800-talet.

6

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!