27.07.2013 Views

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Når dei kom, så var folk veldig skeptiske. Dei begynte no å passa litt

ekstra på, så det ikkje forsvann ting, for dei hadde ikkje så godt ord på

seg, dei reisande. Dei var kjende for å naska lite grann.

Besteforeldra mine hadde no eit rundt hjarte for desse folka. Me hadde

ingen ting å utsetja på dei. Det var ikkje bråk imellom oss. Viss det var

bråk, så var det innbyrdes. Eg kan aldri hugsa at det var slik at dei

måtte henta lensmannen

Det var ikkje berre dei reisande som dreiv som blikkenslagarar. Stefaren

min var først blikkenslager i Bergen og jobba på Bergen Mekaniske

verkstad. Rett etter krigen kom dei inn her, han og bror hans, som

var ungkar. Han hadde verkstad nede på Røa-bryggja, i bua der, Storebua.

Han la blant anna renner på alle arbeidarboligane på Tysse og

laga beslag til kjøkkendiskar. Eg såg mykje på når han arbeidde og eg

var med han ein del, så eg kjenner blikkenslagarfaget. Utstyret hans

var stort og tungt samanlikna med dei reisande sitt utstyr. Han hadde

eit stor maskin til å bøya blikkplater.

Dei reisande sitt utstyr var enkelt, så dei kunne få det med seg. Det

var hammar og blikksaks det gjekk på for det meste. Og så hadde dei

ein liten ambolt. Dei hadde ein spesiell måte som dei vrei blikket på,

for å få stuprennene runde. Dei jobba blikket innpå eit røyr, og vrei

det att og fram slik at dei forma rennene runde. Dei lodda dei ved

hjelp av primus og ein loddebolt som dei vermde på primusen. Seinare

hadde dei loddelampar som gjekk på bensin. Dei brukte saltsyre til å

stryka på der dei skulle lodda. Dei blanda sjølv. Dei brukte rein saltsyre

med sink oppi, så då vart det loddevatn. Dette kunne dei.

Gottfred er full av historiar, men vi gir oss for denne gongen. Eg veit

at eg ikkje har nådd fram til alle som kunne fortelja om taterane. Men

eg rekk ikkje å finna meir ut av dette denne gongen. Årboka må bli

ferdig til jul... Eg er takksam dersom de som les dette, kjem til meg

dersom de kan fortelja meir om taterane i Samnanger.

Eg vil slutta med historia om ein tater som budde fast på Tysse og

arbeidde i Samnanger Ullvarefabrikk. Historia har vakse på seg, og det

er i alle fall tre samningar som enno hugsar.

Først slepp eg til Peder Aldal, fødd 1922. Han vaks opp på Tysse og

i dag bur han i ein av aldersboligane over K. Knutsen på Tysse. Han

fortel:

40

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!