27.07.2013 Views

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Så var det ein kveld (i 1933) eg skulle ut ein tur. Då eg kom ned mot

storevegen (gamlevegen), høyrde eg nokon som anka seg, og i halvmørkret

kunne eg sjå nokon som låg nede ved Vågabekken. Det var

Blekkå som låg der. Ho skulle nok henta vatn, og så hadde ho glide på

isen ved bekken, dotte og brote foten. Eg fekk henta hjelp, og så bar me

henne bort i Vågen. Der døydde ho ei vekes tid seinare. Ho hadde nok

frose og lide vondt med ho låg hjelpelaus nede ved bekken. Ho fekk

lungebetennelse, og den greidde ho ikkje.

Blekkmakarhuset vart rive ei tid etter, og Tomas T. Røen (Smoga-

Tomas’n) fekk det som var brukande av huset og nytta det til å byggja

løe av. No er den løa nedriven og borte òg.

Tillegg skrive av Tor Wold:

Presten Eilerrt Sundt sine manntal over dei reisande på 1800-talet , og

kyrkjebøkene inneheld mange fakta om dei reisande.

Med hjelp frå kyrkjeboka i Samnanger og Jonny Mydland, som har

arbeidd mykje med dei gamle arkiva, kan vi slå fast at tateren i Pøylo

var Edvard Gulbrandsen Roes, f.1-3-1840 i Drangedal, dpt.8-3-1840

s.s., konf.24-4-1864 i Bergen Tvangsarbeidshus, død 10-8-1927 i Samnanger

Han kalte seg skiftevis Edvard og Even. Kona, Akseliane

Johannesdatter Østrem, døydde i Førdesfjorden 2-3-1903 og blei gravlagd

i Avaldsnes. Etter dette reiste han med (gift med?) Sara Katrine

Nilsdatter. Senere blei han gift med Kristine, som skulle vere enkja

etter ein los i Bergen. Han var busatt på Reistad i Samnanger frå

1909. Han og reisekonene var inn og ut av tukthus i Bergen, Halsnøy

og Stavanger.

Edvard hadde minst 8 born som ein kan finna i gamle arkiv frå Fantefondet

og i kyrkjebøkene. Han hadde såleis ei stor etterslekt med mange

barnebarn. Svein Egil Kvale fortel at det stadig kom taterar på besøk

som sa at Edvard Ross var bestefar deira.

26

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!