27.07.2013 Views

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Tysse. Då dei reisande spurde henne om rom, tok ho imot dei også, dei

meinte ho kunne ikkje gjera forskjell. Dei fekk bu i kjellaren der.

Til slutt slepp vi til presten Jonny Mydland, som driv barneheim i

Kenya. Han har studert arkiva, og kan fortelja ei lang historie om tateren

som budde på Tysse:

Ludvig Olai Andersen Palm, vart fødd 6-6-1858 i Grimstad, han vart

konfirmert 1872 i Klepp, og døydde på Tysse i 1935. Faren var av ei

stor taterslekt, Palmslekta, og mora var av Vardalsfølgjet. Eilert Sundt

nemner han i 1865 i Klepp: «Ludvig Olai Andersen, Gunvor Isaksdatters

Søn, som ere optagne af Fantestien og forsørges ved Hjælp af Fantefondet».

Ludvig var gift to gonger, første gongen i 1887 i Klepp. Då gifte han

seg med søskenbarnet Gunhild Marie Lovise Ludvigsen av Vardalsfølgjet.

Ho døydde i 1895, berre 26 år gammal, og vart og gravlagt i

Årstad. Dei hadde 4 born, 2 av dei døydde tidleg. Dottera, Josefine

Ulrikke vart døypt i Årstad 1894. I dåpsprotokollen står Ludvig ført

opp som blikkenslagar, og dei var busette i Kronviken. Året etter drukna

sonen, Gunvald Johannes, berre 6 år gamal. Då Gunhild Marie vart

graven i november 1895 budde dei i Solheim i Årstad. Ludvig er da

kalt ”Forsørger, Blikmager, Omstreifer”.

Andre gongen blei Ludvig gift i 1897 i Årstad, med søskenbarnet Fredrikke

Johansen Palm av Palms-følgjet. Både Ludvig og Fredrikke

var utmelde av stastskyrkja, og gifta seg difor borgarleg.

5 år seinare, i 1902, finn vi han att i Os, og i 1904 i Stavanger. Dei

fekk fattighjelp fleire stader i landet, som Bergen, Årstad, Ålesund, Kristiansund

og Voss. Reiseområdet deira var stort sett på Vestlandet.

Frå 1908 til 1909 var dei på Svanviken, ein arbeidskoloni som skulle

få dei reisande til å bli bufaste. Deretter blei dei busette på Tysse. Den

første tida arbeida Ludvig som blikkenslagar, men så fekk han arbeid

ved Ullvarefabrikken. Han skal ha hatt godt ord på seg. Fredrikke

forlot Ludvig i 1915 og reiste med ein søsterson, mens Ludvig framleis

budde i ro på Tysse.

Ludvig hadde mange born:

a. Anders Emil Andersen, f 23-11-1889, døypt 27-11-1889 i Os.

b. Gunvald Johannes Andersen, f 1889 i Fjeldberg prestegjeld (truleg

tvilling med Anders Emil), død 7-8-1895 – ”Drukning. Fall utfor

42

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!