27.07.2013 Views

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

selde dei eller bytte mot mat, det var vel litt av begge deler. Dei hadde

ikkje noko lager av mat, så det er ufatteleg kva dei levde av. Dei var

rundt og bytta og handla og tigga vel ein god del.

Dei fletta korger også. Dei nytta vier, som dei fann der dei for fram.

Elles tok dei lausarbeid, som til eksempel husamåling, og anna førefallande

arbeid. Mange av mannfolka var dyktige blekkenslagarar. Taterane

var dei som innførte takrenner av blekk i vestlandsbygdene. Rennene

vart gjort på staden av tynne blekkplater utan galvanisering. Verktøy

frakta dei med seg. Det gjekk det nokre år før rennene måtte skiftast

ut. Slik hadde dei arbeid, og var velsedde år om anna. Seinare kom det

ein fastbuande blekkenslagar på Haga. Han nytta galvanisert stål og

mange av rennene hans er framleis brukande, etter snart 50 år. Mellom

anna Holdhus sitt hus på Haga har slike renner.

Ein blekkenslagar var nyttig på fleire vis. Han kunne for eksempel

gjera stølabøtter ( sjå bilete). Den tida folk stølte, hadde dei kyrne i

skogen eller fjellet om sommaren. Mjølka måtte dei bera heim, og då

trong dei stølabøtter på kvar ein gard.

Dei lagde nye kjelar av kopar og blekk, og dei sette ny botn i gamle

kjelar. Gamle koparkjeler trong eit lag med tinn inni, for kopar er giftig.

Taterane kunne fortinna. Hadde nokon trong til å få slipt knivane

sine, kunne taterane hjelpa. Mange gamle, flotte tolleknivar rundt om i

norske heimar, er taterarbeid. Ein spesialitet var kniv-slirer av nysølv,

og skjefter og slirer pynta med nysølv-utskjeringar.

20

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!