27.07.2013 Views

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Teatermelding

Utdrag frå Bondeguten – 03.03.35. Artikkelforfattar Knut Ådland

Laurdagskvelden 2. mars hadde Nordbygdi Teater premiere på

spelstykket ”Gifta meg – aldri” av forfattaren Skogheim. Spelstykket

er ei komedie, og det fall i publikum sin smak etter stemninga å døma.

Det vart framifrå spelt, og publikum vart rivne med frå fyrste til siste

replikk.

Peder Ådland skildra framifrå ein staut unggut som ikkje vilde gifta

seg korkje med venleik eller pengar. Det var den einaste store sanne

kjærleiken han sette yver alt. Slutten vart at han fekk alt; både kjærleiken,

venleiken og pengane. Amanda Nordbø skildra klårt og vakkert ei

mor i sut for eit godt gifte for den einaste sonen sin. Anna A. og Anna

H. Røen spelte framifrå som tvo gamle peparmøyer.

Tomas A. Nordbø synte seg atter som det store geni. Han tolka ein

gamal og tunghøyrd peparsvein so levande og klårt at låtten vilde ingen

ende taka når han kom med sine løglege replikkar og underlege

fakter.

So var der ein strålande debut: Seselia Røen fekk si fyrste rolla som

den unge vakre og ærlege kvinna, som kvar unggut ærleg må bøygja

kne for. Og debuten synte klårt at Seselia Røen må knytast til Nordbygdi

Teater for framtidi.

Framsyningi viste klårt at kvar av spelarane hadde fenge godt tak på

kvar sine roller. Framkallingi og fagningi vilde ingen ende taka. Og

stykket vil sikkert draga mange fulle hus frametter.

48

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!