27.07.2013 Views

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Tateren og bonden

Eld han treng

som inn er komen

og om kne kulsar.

Til mat og klede

den mann hev trong

som hev i fjell fari.

(Frå Håvamål.)

Håvamål er dikting som omtalar høvisk atferd for 1000 år sidan. Taterane

reiste rundt i norske bygder frå om lag 1500-talet til etter 2. verdskrigen.

Dei levde av det dei tagg og tente som kremmarar i bygdene.

Korleis kunne dei få det til?

I norrøn tid ser vi av Håvamål at plikta til å ta imot vegfarande var

sjølvsagt. Dei same normene fann ein i bygdene fram mot starten på

1900-talet. Høyr berre kva Sjur Løtveit 1 fortalde frå Osterøy, der han

vaks opp tidleg på 1900-talet:

Det hende ikkje so sjeldan at det kom omsterifarar, ”fantefylgje”, som

dei vart kalla. Dei kom særleg utover hausten – mest i slaktetidi. Eg

minnest vel ein laurdagskveld då det kom ei heil skreid til gards. Me

hadde nyleg slakta nokre sauer. Det aller meste av smalakjøtet gjekk til

sal. Det var mest berre hovud og labbar – og nokre bogar til spekekjøt

– me heldt att til oss sjølve.

Eldste syster vår, Sigrid, hadde skura og vaska stovegolvet og gangen

og var komen til dørstokken ved utedøri. Då dukka det brått ut or kveldsmørkret

eit stort fantefylgje framfor huset vårt, truleg 12-15 stykke i

alt. Sigrid, som var sliten etter all vaskingi og hadde gledd seg til ein

fin og hyggeleg laurdagskveld, vart reint ute av seg og sa til mor med

gråten i halsen: ”Me vil ikkje ha fantar inn i kveld.”

Mor var nok den som måtte ta støyten med fantekjerringane. Dei sto

fremst i flokken med ungane, og bad om hus: ”Me æ so mange, de lyt ta

nokon i kvart hus i kveld – alle lyt hysa nokon i natt.” Mor prøvde å

svara roleg, og det drog litt ut. – ”Æ ho vond?” sa ein kar med høgt

mæle bak i flokken. ”Nei, mor æ kje vond, men den lilla æ vond.”

”Den lilla æ vond,” svara kjerringane i kor. Endskapen vart at me

1 Sjur Løtveit, Osterøy i soge og samtid, 1986.

12

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!