27.07.2013 Views

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

enn å sjå, torde dei ikkje. Fedrane og brørne passa godt på dei.

Sylvia Haga fortel: Då eg vaks opp, var det dans i bygda kvar laurdag,

med levande musikk. Og når det var taterar i bygda, kom gutane og

ville dansa. Me hadde den haldninga at taterane skulle me halda oss

vekk frå. Mange jenter prøvde å oversjå dei. Men enkelte jenter syntes

det var spennande med tatergutane, og dei dansa med dei. Desse jentene

vart ofte sett litt ned på. Dette var i grunnen merkeleg. Det heitte

seg at taterane stal og at det dei dreiv med, var litt snuskete. Men når

eg tenkjer etter, såg vi aldri noko gale, eg kjenner ikkje til noko tjuveri

dei gjorde. Ikkje drakk dei, og dei oppførte seg eksemplarisk. Ikkje såg

vi at dei sloss heller, og aldri såg eg at dei brukte kniven. Men

haldningane var klåre: Me skulle ikkje ha noko med dei å gjera.

Ein kar frå austlandet fortel ei litt anna historie om eit meir tillitsfullt

samkvem mellom taterar og bygdefolk i Odalen: Eg var god til å dansa

og kunne dansa kva som helst. Når det var dans, var taterane ofte

med. Dei òg var gode til å dansa. Eg hugser ei taterjente som var spesielt

flink i dansen, uansett kva eg gjorde, så følgde ho med. Det var

aldri nokon av tatergutane som sa noko om vi dansa med jentene deira.

Dei dansa med våre jenter også. Men eg hadde jo jenter sjølv, mellom

bygdejentene, så det var aldri noko meire alvor med taterjentene.

Vart det slåsskamp, var det ikkje taterane som sloss. Då var det gutane

frå bygda eller nabobygda, som hadde drukke for mykje, så dei

begynte å slåss.

Det var mykje moro med taterane, det fulgte alltid liv og hygge med

dei. Det var fleire av dei som spela trekkspel. Og dei var gode til å

arbeida. Det skjedde aldri at dei stal. Når dei kom til oss, handla mor

alltid med dei. Og så fekk dei ein fleskebete på kjøpet. Mor likte taterane

godt.

Men dei ville alltid bytta klokke. Eg sa alltid nei til det. Eg trur ikkje

at eg ville ha gjort noko godt bytte då.

Når taterane skulle selje varene sine og når dei skulle koma i kontakt

med folk, kunne dei nytte mystikken og det at dei var litt framandarta

og spennande. Ein taterkar hadde ofte eit fargerikt skjerf om halsen,

og øyreringar vart ofte nytta. Når ei taterkone kom til garden for å

handla, var dette for mange litt spanande, og ein kunne samstundes få

høyra nytt både frå fjern og nær.

22

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!