27.07.2013 Views

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Svein Egil Kvale fortel: I Kleppsdalen, mellom Skarstø og Peraneset

er det nokre gamle naust. Der fekk dei lov å bu, og der heldt dei til i

mange år. Der gjekk det visst og ganske vilt for seg, så desse som

skulle gå forbi der og hadde vegen sin forbi mot Kleppe, var ofte redde.

Eg veit mor mi då ho var lita, var ofte redd då ho gjekk med mat til ei

gammal dame som hadde det smått. Ho var ofte redd for å passera

forbi splintane, så det var no tydeleg at dei hadde fått eit visst rykte på

seg, sjølv om det ikkje alltid var berettiga. Der ute på Kleppe har dei

og fortalt om ei gammal splinta-kjerring som ikkje ville vaska seg. Då

tok dei andre splintane og skubba henne uti med klede og alt.

Den tida kom dei i skøyter. Det var sjøvegen som var den vanlege

måten å koma hertil i tidlegare tider før kommunikasjonane vart utbygde.

Far min hadde ei historie her ute frå Ådland – på veg mot

Søvika – om nokre splintar som hadde fått ein lekkasje på skøyta si.

Dei hadde drege henne på land i ei vik for å tetta henne. Så hadde ei

av splintakjerringane vore her inne på butikken til oldemor mi, Elisabeth

Kvale. Ho dreiv butikk her fram til 1936. Dette var vel på 20talet.

Så hadde ho spurt denne splintakåno då kor det gjekk uti denne

skøyta der. ”Ja, hvordan går det uti skøyten?” spurde ho splintakåno.

”Å, du mor, du vet det renner både ut og inn!” Ho sa at når det var

fjære, så hadde dei det tørt, og når det var flo, så rann vatnet inn. Så

det var ikkje berre-berre å vera der ute heller.

Splinta-skøyte. Med slike båtar reiste dei langs Vestlandskysten. Slepebåten

var nyttig når ein låg ein plass og skulle ut og selja.

Foto: Dannevig foto as.

34

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!