27.07.2013 Views

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Romanifolket kom truleg frå Nord-India, via det Ottomanske imperiet,

til Vest-Europa. Då dei kom til dei vesteuropeiske landa om lag år 1400-

1500, kom dei til katolske samfunn, der gjestfridom var ei plikt. Dei

første som kom, vart godt mottekne, og dei fekk endå med seg eit brev

frå skottekongen. Dette brevet sa at dei var pilegrimar frå Lille-Egypten

og at ein skulle ta godt imot dei. Den tida hadde ein i størstedelen av

Europa føydalsystem, der folk tilhøyrde eit gods eller ein føydalherre,

med bu- og arbeidsplikt. Berre pilegrimar, handelsfolk og reisande

handverkarar kunne dra fritt omkring.

Her oppe i Norden var det vel så som så med føydalsystemet, det var

rikeleg plass dei første hundreåra etter at Svartedauden herja landet i

1349. Kom det tilflyttarar, så syntes vel kongen det var bra at landet

vart brukt. Men ganske raskt kom det lover også her, som nekta folk

utan fast bustad å reisa fritt omkring. I 1584 slo Dansk-norsk lov fast

at leiaren for eit taterfølgje kunne bli henretta, og følgjet skulle ein jaga

frå landet. Også i hundreåra etter, finn ein mange lover som prøver å

hindra omstreifarar i å reisa rundt utan fast arbeid. Mange av lovene

har til føremål å ”utrydda tatervesenet.”

I 1710 kom det ei lov som skulle gjera bygdene frie for fantar. Ein

skulle gjennomføra fantejakt i alle bygder og bygdene skulle tilsetja

ein Ståtare-konge. Det var ein slags bygde-vektar som skulle jaga taterane

vidare til neste bygd når dei vart for plagsame. (Me veit at Elverum

hadde sin siste ståtarekonge i 1900.)

Tormod Fosso fortel:

Den siste ståtarekunjen her, var ein dei kalla for Store-Johan. Han

hadde sikkert vore eitt eller anna i militæret, og det var etter at han

vart pensjonist og budde heime, at han vart ståtarekunje. Kor mykje

han hadde å gjera, veit ikkje eg, men det var han som hadde orden på

taterane, og hadde myndigheit til å snakka til dei og få dei til å flytta

når ein meinte det var nødvendig.

Kva levde taterane av? I tidlige tider reiste skreppekarar omkring på

Vestlandet åleine. Dei hadde ikkje med seg familiar då. På 1800-talet

var det stor folkevekst både mellom folk flest og også mellom taterane.

Omkring 1900, ser det ut til at det vart meir vanleg at heile familiar

reiste samla også på Vestlandet. Når taterane reiste rundt, måtte dei ha

noko å by til gjengjeld for den gjestfridomen dei tok imot. Dei handla

16

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!