27.07.2013 Views

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

Årbok 2006 - Samnanger historielag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Peder Aadland fortel at dei hadde årviss vitjing av familien Vilhelmsen

i perioden frå 1927 til fram mot 1940. Dei hadde eit godt samkvem.

Vilhelmsen-familien budde i løa og fekk koka i kjellaren hos

Perane på Ådland. Peder lærte mellom anna å laga selety til hestar av

dei reisande. Han lærte også ein ekstra vri på ein felemelodi av Gamle-

Mina, taterkona. Historia som Pederen fortalde, har blitt til ein eigen

artikkel ein annan plass i heftet.

Torrmod Fosso i Vikøy i Kvam, fortalde slik om dei reisande:

I bestemor si tid, i siste halvdelen av 1800-talet, kom det ofte

skreppekarar over Kvamskogen frå Samnanger. Skreppekarane var

folk som reiste med litt handelsvarar i ei skreppe og selde på gardane.

Vegen i Tokagjelet var ikkje der i den tida, så dei gjekk i lia opp for

Tokagjelet og Måsland og kom ned til Steine, og slik kom dei forbi der

bestemor budde før ho gifta seg. Når dei hadde gått heile vegen over

Kvamsskogen, var dei både trøytte og svoltne. Då kom dei alltid inn

for å få mat og drikke.

Det var alminneleg folkeskikk at det måtte dei ha når dei kom inn på

besøk. Og då kunne dei gjerne overnatta på gamlestovegolvet til dagen

etter. Så fòr dei vidare og handla i gardane. Stundom kom dei

fleire i lag, og når det ikkje var plass til alle i gamlastova, måtte nokre

av dei gå vidare til neste gard.

Tormod Fosso døydde brått i 2006, berre nokre veker etter at eg fekk

treffa han, og intervjua han på garden Fosso i Vikøy. Han har vore ein

av mange informantar, men eg nemner han spesielt her, fordi han har

fortalt meg mykje som eg nyttar for å illustrera forholda taterane møtte

på reise i Vestlandsbygdene. Fosso gjekk på skule om lag 1930 i Vikøy,

i lag med to gutar som var i fosterheim, dei var tekne frå foreldra sine. 2

Tormod Fosso fortel: Då eg var gut, var det eit sikkert vårteikn, før

17. mai, at dei reisande – vi kalla dei fantane - kom i robåtar 3 og slo

seg ned i fjæra nede ved nausta. Der tok dei alltid inn. Då kom dei opp

på prestegarden og tigga etter ei bør med halm eller høy og så la dei

2 Kristian Bredesen. er ein av fosterbarna frå Vikøy. Han har i boka ”Tatersønn”, omtala

oppveksten sin som fosterbarn. Han og bror hans vart tekne frå foreldra som var taterar. Han var

eitt år då og han og bror hans kom først i barneheim, og seinare i fosterheim i Vikøy.

3 Ei jamngammal kjelde frå Kolltveit, ved Ljoneset litt lengre ute i fjorden fortel at ho hugsa at

splintaskøytne bruka å ligga under ein berghammar i ei naturleg hamn i Ljonesvågen. Derfrå kan

dei ha rodd vidare i robåt. Fanteskøytene brukte å ha ein robåt på slep.

14

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!